søndag 27. oktober 2019

Eg trudde eg budde i verdens navle!

Luftfoto av Laugaland midt på 1950-talet. Folgehuset med telefonstasjon og brevhus i framgrunnen. Barndomsheimen min
i midten. Gardshuset lengst bak. Bildet er tatt i svart-kvitt og påført farge i hytt og vêr etterpå av firmaet som selde dei. Bussen var grå, aldri gul og grønn. Bussgarasjen var ikkje raud. 


- Perlå i Ryfylke, var det nokon som sa. Verdens navle er eit mykje meir presist uttrykk for heimplassen min på Laugaland slik eg opplevde den frå eg var ein neve stor til eg strekte meg opp til halvannan meters høgde.

Viss du studerer det vedlagte flyfotoet frå 1956 eller deromkring så kan du tenkja deg koss det var. Her var alle kommunikasjonsmidler samla på ein plass. Buss, post, telefonstasjon og mjølkerampe. Kva meir kunne ein forlanga?

Huset i framgrunnen var ikkje berre folgehuset der bestemor og bestefar budde. Det vesle tilbygget mot gardstunet romma både Laugaland brevhus og telefonstasjonen med navnet Vormedal i Ryfylke. Telefonlinjene spreidde seg ut frå stasjonen til alle slags utkantar. Til og med Trodla-Tysdal sokna til telefon-stasjonen her. Eg hugsar det ennå. Anna Maurseth var navnet på telefon-abonnenten i Tysdal.
Faster Tulla, med det offisielle navnet Anna Johanna, styrte både med post og telefon.

Bestemor mi, Serina Laugaland, og faster Tulla med handarbeid heime i
folgehuset på Laugaland.
Faster Tulla var den yngste systera til far min. Ho var ikkje gift og ho blei buande heime saman med foreldra så lenge dei levde. Tulla levde av inntektene frå post og telefon.

Barndomsheimen min var huset i midten. Utanfor står Chevrolet-bussen som far min kjørte på 1950-talet. Med Laugaland som endestasjon kjørte han ruter til Hjelmeland, Fister og Tau i alle år.

Om kvelden sto han og venta med bussen på Hjelmelandskaien når rutebåten kom frå byen. Ved halvsju-tida kom han kjørande heim til dalen vår med passasjerar og post. Då han stoppa opp på vegen mellom bussgarasjen og huset vårt trykte han hardt og lenge på bussfløyta så heile dalen kunne høyra at nå kom bussen. Det var også signalet til faster Tulla. Ho kom springande på lettte bein for å henta postsekken.

Flokken av ungar og flokken av halv- og heilgamle mannfolk som hadde stått og venta på bussen, trakk nå opp i gardsrommet ved folgehuset og venta på at 'u Tulla hadde sortert posten. Når ho låste opp døra, køa folk inn og fekk utleverte brev og aviser. Enkelt og greit. Dagens ritual.

Notis i Aftenbladet 8.oktober 1963.

Besteforeldra mine døydde i 1962. Då blei 'u Tulla aleina i Folgehuset. Ho var det dei kalla ei gammale jenta på 47 år. Ho hadde telefonen og posten. Det var verken til å leva eller døy av. Dessutan var det ikkje meining i at eit einsleg menneske skulle sitja aleina med eit svært hus. Andre på garden trong også hus.

Den gamle jenta signaliserte til sine overordna at ho ville ut i verda. Dette trur eg var årsaka til at telefonen i Vormedalen blei automatisert veldig tidleg. Med det gammeldagse telefonsystemet delte fleire telefon-brukarar same telefonlinja. Ringesignalet fortalde kven som fekk telefon. Viss du løfta forsiktig av telefonrøyret, kunne du gjerne høyra andre som snakka i telefonen, Spennande greier. Men gamle-telefonen var i ferd med å gå ut på dato.  I Vormedalen var telefonen brått og tidleg modernisert. Me fekk summetonen minst 15 år før dei fekk høyra slikt i Hjelmelandsvågen.

Laugaland brevhus blei nedlagt og erstatta med poståpneri og landpostbud. Johan Tylandsvik var både poståpnar og landpostbud. Han hadde også ein liten butikk i same bygget i Mælandskrossen.

'U Tulla blei telefondama på telefonstasjonen på Moi, seinare på Jørpeland. Ho enda opp på Televerket i Stavanger der ho ekspederte den fyrste generasjonen med mobilkundar som blei kopla vidare inn på telefon-nettet på ein sentral i Tele-bygget i Kannik. Ho slo den nye teknologien. ' U Tulla var pensjonist før den tekniske utviklinga gjorde henne arbeidsledig.

Slik var det på Laugaland i gamle dagar. Me ungane fekk bera postsekker, vera med på å stempla julakort og anna forefallande arbeid. Når det var bryllup på ein av gardane, var det ein fæla sjau med å skriva ut festtelegram. Eg var for liten til å få skriva på desse blankettane, men å vera telegram-bud, var eg opp til fleire gonger.

Alt dette kom eg på då eg fann avisnotisa om Laugaland brevhus i Aftenblad-arkivet.








2 kommentarer:

  1. Hei sveis- i kaffor et hus bodde denne telefontanten din ?

    SvarSlett
    Svar
    1. Huset nærmast. Nøye forklart i bildeteksten

      Slett