søndag 3. november 2019

Mannen i mobilen truga meg på tur!


For fyrste gong i mitt liv har eg gått tur til
 Vikestølsvatnet.


Dette utidige maset om å gå minst 10.000 skritt kvar dag fører meg til stadig nye vegar der eg skulle ha vore for mange år sidan. Dermed enda eg i går ved Vikestølvatnet i dei skogkledde åsane mellom Laugaland og Tøtlandsvik.

Skritt-maset er sjølvpåført. Eg treng trening og trim og etter at eg oppdaga at smarttelefonen også hadde skritt-teljar, har eg ikkje fått fred. Eg må få fram nye tal og sjekka gjennomsnittet for veke, månad og år. Og telefonen gir ikkje ved dørene. Viss eg let meg overmanna av latskapen ein dag eller to, dett gjennomsnittet i do.

Og for å vera heilt ærleg: Slik det ser ut nå, greier eg ikkje 10.000 skritt gjennom heile 2019. Men eg kan ikkje gje opp for det.

Skogen står tett langs vegen. Ikkje rart når det er ein skogsveg. av og til var der ein åpning der eg kunne sjå min
barndoms dal. Det ligg snø på fjelltoppane i aust. Ein plass bak fjella ligg Bykle og Setesdalen.

Dei unge i familien ler av meg og syns dette er ei tullete form for trening og trim. Det bryr eg meg ikkje om. Så usportsleg som eg er,  veit eg at alternativet til å gå tur er å sitja på rauå i ein stol og pleia latskapen. Derfor går eg så lenge ikkje plager eller vondtar gjer det uråd å trena på denne måten.

Som gammale mann likar eg ikkje forandringar. Aller helst vil eg gå den same turen kvar dag. Då veit eg akkurat koss mange skritt eg har gått når eg er heime igjen. For eksempel er det 3000 skritt fram og tilbake frå hytta vår i Hjelmelandsvågen til ferjekaien på Sande. Viss eg går denne turen tre gonger på ein dag, er det nok med ein tur rundt kyrkja og bedehuset i tillegg for å fått inn dei naudsynte tala på skritt-teljaren.

- Koss greier denne telefonen å telja skritta våre, spurte den tidlegare naboen min. Han lurer på allslags, den karen.

- Det sit ein mann inne i telefonen og tel kva einaste bevegelsen, svara eg. Akkurat som eg har greie på slikt.

Ein gong i min barndommen klipte eg opp det fine tøystykket framføre høgtalaren på den gamle Telefunken-radioen vår for å sjå folka som laga barnetimen for dei minste. Det fekk eg ikkje skryt for!

Kånå mi er grunnen til at eg ikkje får gå same turen kvar dag. Ho vil ha forandring viss ho skal vera med. Forresten skulle ho ha litt bjørkeris til å laga ein slags dekorasjonskrans med mose og allslags greier. Det kunne ho samla viss me tok bilen og kjørte ein tur i retning mot min barndoms dal der det heilt sikkert gjekk å samla litt råstoff til krans.

Eikelivatnet og Vikestølvatnet ligg midt i bildet. Eikelisvingen viser også godt. Tøtlandsvik oppe til høgre.
Laugaland nede til høgre. Bildet er henta frå Norgeibilder.


Me stoppa i Eikeli-svingen (lokal uttale Eigeli-svinjen) og sette bilen frå oss der. Dette er den krappe svingen rett før skiltet der det står Vormedalen.

Skogsvegen som startar her, er slik omlag 60 år gammal. Det var entreprenør Arne Byre frå Fister som bygde vegen opp til Eikelivatnet som ligg på 281 meter. Der kunne det vera flott skeise-is om vintrane. Så der var me ein god del. Dessutan  var det fin fisk i dette vatnet. Eg gløymer aldri då min onkel, norsk-amerikanaren Jakob Skogen, kom heim til Laugaland og slengde ein svær aure på kjøkkenbenken til bestemora mi. Sjølv om onkel Jakob hadde budd i aldri så mange år i Chicago, var han lommekjent i skog og mark i barndoms heimetrakter.

Seinare var eg sjølv oppe med fiskestanga for å kopiera onkel Jakob. Fekk eg någe? Kan skjøna gjorde eg ikkje det.

Kor var eg? Jo ved Eikelivatnet. Etter at eg vaks til og reiste ut, er det laga skogsveg vidare både til Havråstjønna som ligg 317 meter over havet og til Vikestølvatnet som ligg på 393 meter over havet etter det som kånå fekk fram av data på sin telefon.

Skogen står tett i desse traktene. Ikkje rart det er bygde skogsvegar her. Men det er ikkje all verda med utsyn med så tett skog i desse grensetraktene mellom Tøtlandsvik og Laugaland.

Usemje og krangel har det vore om eigedomsgrensene både her og der. Ein gong i tida låg gardane Laugaland og Breiland i sak om kor grensene gjekk i skogane. Då var det ein mann frå Breiland som sa dei bevinga orda: På Breiland vil dei eiga alt det dei ser, men på Laugaland vil dei eiga både det dei ser og det dei høyrer gjete!

Me gjekk og gjekk. Eg mimra og kånå samla litt bjørkegreiner og mose. Vêret var nummer ein, som gamle Johannes Vigane ville sagt det.

Då me kom ned til bilen ved Eigelisvinjen igjen, viste telefonen 10.000 skritt.

Det var alt for i dag!

Slik blei kransen. Rosene fann kånå i hagen ved hytta.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar