torsdag 28. februar 2019

Kan matrosar styra med vekslepengar og ferjebillettar?

Etter 20 år som ferje-matros blei Øystein Sandvik utstyrt med billett-maskin
og pengetaska og måtte selja billettar på «Strand» i 1983.


Å banna i kyrkja var ingenting mot å foreslå slikt galematias. Ein matros skulle kunna spleisa vaier. Ikkje tutla med pengar og den slags dill-dall. Det kunne vera så mykje bilferja det ville, ein matros var ein matros uansett. Han skulle kunna knutar og stikk, styra etter kompass og låra livbåtar. Mannfolk-arbeid!

Å handtera eit veksleapparat og trykkja ut kronestykke og fem-øringar var for folk med styrmannskular og gullknappar i trøya. Slik var det på 1960- og 1970-talet. Iallfall i Stavangerske der alle matros-dydar blei nøye påpassa.

Men det skjedde ei omvelting. Styrmennene skulle vekk frå bildekk og passasjersalongar. Dei blei plassert i styrehuset saman med kapteinen. Tidlegare var det vanleg at eldste matrosen om bord var på brua og blei kalla rormann til dagleg. Ofte var dei like god som skipperen om bord til å ordna med både ror og maskinhendlar.
Då Jakob Langvik kom nyutdanna frå styrmannsskulen og begynte som styrmann og skipsførar, blei han ein pådrivar
for å få matrosane ned på ferjedekka og styrmennene opp på brua. Her er han fotografert som førar på «Årdalsfjord».
Henry Ur var rormann. Foto: Steinar Warland.

Jakob Langvik heiter mannen som har fått æra eller skulda for at billettør-revolusjonen på Ryfylke-ferjene. Han var ferdig på styrmannsskulen i 1973. Etter den tid var han styrmann og kaptein på fjordabåtar og ferjer i Ryfylke. Fyrste i Jøsenfjord Rutelag og frå 1976.

- Då eg begynte, var alltid ein av matrosane i styrehuset og styrte under oppsyn av kapteinen. Styrmennene sette knapt beina på brua, fortel Langvik. 

I Rennesøy-ruta, på ferjene «Utstein» og «Ryfylke», var det fast praksis at ein matros, vanlegvis den eldste, blei kalla rormann og hadde status som los. Han sto ved sida av kapteinen og styrte båten frå Rennesøy til byen og hadde fri den andre vegen. Dersom det berre var to matrosar, fall det urettferdig mykje av arbeidet på dekk på den andre matrosen, meinte Langvik

Eg meinte at matrosane måtte vera på likefot. Det var betre at begge jobba nede. Billettør-jobben måtte kunne overtas av matrosane medan styrmannen blei flytta på brua og lærte seg å manøvrera og navigera. Dermed var dei opplærte til å kunna overta skipper-jobben når det var aktuelt.

Så vidt eg hugsar i dag var det enkelte matrosar som blei opplærte til billettørar i Rennesøyruta, men det var mange som ikkje hadde lyst til dette. Enkelte styrmenn var også skeptiske til å få nye arbeidsoppgaver. Det var ikkje lett å bryta etablerte rutiner.

Ikkje plass for ein rormann på dei nye moderne ferjene som i 1990-åra. Her er kaptein Jakob Langvik på førarplassen
på «Hjelmeland». Her var det kaptein og styrmann som tok seg av oppgåvene på brua.


Jakob Langvik sleit med å bryta ned dei etablerte rutinene på dei ulike ferjene. Dermed skjedde det ikkje ei brå omveltning frå den eine dagen til den andre.

Praksisen med å findirigera bilane på ferjedekket blei avvikla for å spara
tid. Her er matros Inge Eiane på plass på «Solbakk» i 1978. 
Men på nye ferjer var det ikkje aktuelt med den gammaldagse ordninga med å bruka styrmannen som billettør. Nå var han anerkjent som navigatør og hadde plassen sin på brua saman med kapteinen.

Jakob Langvik blei administrerande kaptein på den nye ferja «Hjelmeland» som kom i 1993. Der blei nyordninga etablerte frå dag ein.

Same mannen var også med på å bryta den gammeldagse praksisen med å stua bilane tett-i-tett på bildekket. Ein matros blei brukt til å passa på at det berre var få centimeters avstand mellom støytfangarane på bilane om bord på dagar med stor trafikk.

- Denne findirigeringa tok mykje tid når ferjene var store og rutene trange. Me tapte mykje tid på å styra på så mykje med bilane under anløp. Dermed blei bilane berre dirigerte inn i ei av bilrekkene på dekket. Så blei det i større grad opp til bilførarane kor nær dei kjørte bilen foran, seier Jakob Langvik som i dag er pensjonist og busett på Tau. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar