torsdag 14. februar 2019

Styrehuset - einaste minuset på «Stavanger»


- «Stavanger» var ei ferja eg blei glad i. God ferja,
godt arbeidsmiljø og godt samhold om bord,
seier Sigbjørn Berge. Foto: Knut Vier.


- Einaste minuset med «Stavanger» var styrehuset der innmaten måtte svingast 180 grader ved kvart anløp. Resten av ferja var 110 prosent. Då me hadde lagt innkjøringsvanskane bak oss, blei både eg og resten av gjengen om bord glad i denne ferja. Dette var den flottaste tida eg hadde i mi tid om bord i ferjene. Arbeidsmiljøet og samholdet mellom oss om bord var heilt topp!

Sigbjørn Berge frå Forsand var kaptein på hurtigferja frå den var ny i 2003 til den var ferdig i Tau-sambandet i 2010. Han overtok som administrerande kaptein då Einar Bjørn Gjesteland gjekk i land for å begynna på Stavangerske-kontoret.

«Stavanger» passerer Bybrua med kurs for Tau. Foto: Egil Eriksson.


Ferja var ein stor arbeidsplass. Det var fire skift på ferja med kaptein, styrmann, maskinist og to matrosar om bord på ein gong. 12 timar på vakt og 12 timar fri, døgnet rundt.

I tillegg kom kiosk-personalet som ikkje gjekk skift døgnet rundt. Over 20 arbeidsplasser var det på denne ferja.

- «Stavanger» var heilt spesiell. Alt var heilt nytt for oss då me kom om bord. Me hadde det ikkje lett på dei fyrste vaktene. Det var voldsomme krefter me sette i sving ved å dra i ein hendel. Her var det fire motorar, kvar med 1800 hestekrefter, seier Sigbjørn Berge.

Dei som hadde laga rutene, hadde ikkje tenkt på at det tok tid å manøvrera ferja til og frå kai. Dermed blei det eit stress for oss i styrehuset med å halda ruta. Me hadde heller ikkje fått meir opplæring enn det som var heilt nødvendig før ferja blei sett inn i ruta.

Me måtte snu innredninga i styrehuset ved kvart anløp. For sikkerhets skuld måtte det setjast opp trosser i tilfelle det skulle henda noko medan snuinga pågjekk. Og tenk kva det kosta å laga denne installasjonen. Det hadde vore mykje billigare og meir lettvint å laga eit tradisjonelt styrehus.

- Det mangla berre ein pinne her, så hadde dette vore eit stort fuglabur, pleide eg å seia om styrehuset, seier Sigbjørn Berge.

Den utidige maskinstøyen frå hurtigferja fekk dei bukt med ved å montera lydpotter, men dei ekle undersjøane førte til stadige klager frå båteigarar og grunneigarar langs ruta vår både til dei om bord og til kontoret i byen.

- Sjøane kunne me ikkje gjera så mykje med så lenge ferja gjekk på full fart. For å få bølgene til å gå i ein litt annan vinkel inn mot strendene på Tau, gjekk me på andre sida av Horge på veg mot Tau, men det nytta ikkje. Då farten blei sett ned og ferja gjekk med halv motorkraft, blei sjøane borte. Men då var heile vitsen med hurtigferja borte, seier Sigbjørn Berge som nå er 69 år. Han var 64 år då han pensjonerte seg. Dermed var han ikkje med på dei nye gassferjene «Hardanger» og «Ryfylke» som  kom i 2013.

Sigbjørn Berge blir skildra som ein spesielt omgjengeleg og blid type. Folk likte å vera saman med han om bord. - Viss eg var i dårleg humør ein dag, ringte eg til Sigbjørn. Det gjorde underverk, seier ein som jobba på Stavangerske-kontoret på den tida.

Det var ein heil gjeng med folk som var innom på hurtigferja «Stavanger» i den tida den gjekk i Tau-sambandet. Her er eit oversyn. Viss nokon er utegløymde, er det berre å ta kontakt med bloggaren så skal dei få vera med. Eg manglar bilder av kiosken og kioskpersonalet. Glad viss nokon kan hjelpa meg.

Einar Bjørn Gjesteland var med på å byggja hurtigferja
«Stavanger» og var fyrste administrerande kaptein. 

Kapteinar: Einar Bjørn Gjesteland, Sigbjørn Berge, Arvid Kallestad, Geir Kristoffersen, 
Vidar Gjerde, Rune Trondsen,  Ole Habbestad.


Voytek Stusvik var ein av styrmennene på «Stavanger».





Styrmenn: Inge O. Hetle, Brit Bore, Nicolai Cappelen, Voytek Stusvik, Kurt Harald Nærbø, Terje Øvrabø, Desta Abayneh Admassu, Nils K. Helmikstøl, Helge Dahlstrøm.

Geir Helge Berge var matros og billettør på «Stavanger»


Matrosar: Knut Vier, Geir Helge Berge, Ove Harald Olsen, Odd Meidell, Kjell Jørgensen, Rolf Årtun, Glenn Bjørheim, Mats Tjøtta, Ole Villy Vik.


Maskinistar: Kurt Dalaker, Børge Dreggevik, Roy Samuelsen, Trond Larsen, Oddvar Aske, Knut Kaland,  Jostein Halsne.

Restaurasjon: Kristine Fiskå, Bodil Valvik, Ester Langeland, Liv Hidle, Randi Nerhus, Sissel Vik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar