lørdag 23. februar 2019

Styremaen styrte med billettar, post og pakkar


Styrmann Jostein Aske passar på medan ungrisene frå Hjelmeland
blir lasta om bord i «Sand» sommaren 1958. Foto: Finn Johannesen.

Styremaen, blei han kalla denne mannen med kvit skyggehua og svart slips som var fast inventar på alle fjordabåtar i Ryfylke før i tiå. Postsekker med verdipost, følgebrev-bøker var det han som styrte med på alle kaiar. Og han selde billettar før båten kom til byen.

Styrmann Henning Ellingsen på «Haugesund» svinga seg mellom passasjerane
og selde  billettar på veg ut Byfjorden.  Bildet tilhøyrer Inger Finnesand. 
Men styrte han båten nokon gong?

Sjølsagt gjorde han det. Når den faste skipperen på fjordabåten vår gjekk på ferie, la styremaen frå seg brettet med billettane og pengetaska og blei skipper om bord. For styremaen hadde jo tenkt å bli skipper når han blei stor.

Hugsar du ikkje då me sto på kaien med hjerta i halsen då båten var ventande og den faste skipperen var på ferie. Båten var visst litt seine i ruta. Ville styremaen greia å treffa kaien?

Det gjekk jo på eit vis. Men forståsegpåarane fant jo alltid eit eller anna å setja fingen på. Når den faste skipperen var i styrehuset virka det omtrent som om båten gjekk på skinner. Likt kvar dag! Viss det klikka for den faste mannen, var årsaka ein eller annan idiotiske tekniske feil eller maskinisten som hadde skjenkt seg eller noko anna trivielt.

Arbeidsdelinga mellom kaptein, styremann og matros var nøye uttenkt og utvikla gjennom mange år i fjordafart. Folk hadde sine faste oppgåver. Omtrent som i kyrkja der det var prest, klokkar og kyrkjetenar som ordna opp. Styremannen styrte ikkje båten. Klokkaren ringde ikkje med kyrkjeklokkene.

Kvar gong ein har fått eit system til å fungera bortimot feilfritt, kjem det noko nytt som øydelegg alt. Då parafinlampene var utvikla til det nesten heilt perfekte, kom det elektriske lyset. Då fjordabåtane var utvikla til små cruiseskip som gav oss fjordafolk ein dagleg luksusdunst, kom desse små ferjene rundt forbi. Desse farkostane frakta to-tre bilar og ein og annan kortreist stakkar frå A til B.

Styrmann Johannes Yrke sørga for plass til unghesten som hestehandlar Ola Djuv skulle senda frå Sauda til Marvik
med «Fjordsol» hausten 1977. Foto: Leif Berge.
Carstein Mortensen blei billettør på
Ropeid-ferja etter mange år som
motormann på «Fjordsol».
Småferjene hadde ikkje styremann. Ikkje maskinist heller. Dei hadde kanskje skipper, ein kombinert matros og maskinpassar og ein kombinert matros og billettør.

 På desse småferjene som gjekk på strekningar som låg langt unna både lensmann og prest og sjøfartsinspektøra og anna øvrighet, skjedde det grove brot på innarbeidde tradisjonar på skikkelege fjordabåtar. Du trur meg kanskje ikkje, men nå skal du høyra.

Viss skipperen måtte på do medan ferja var på veg over fjorden, trur du då at ferja stoppa og låg og dreiv medan mannen i styrehuset var sett ut av spel denne stunda? Å nei du . Dei reisande merka ingen ting. Ferja gjekk til kai og folk og bilar forsvann i vegstøv og eksos på landjorda. Forklaringa? Skipperen hadde trena opp ein av matorsane til å vera ferjeføra i påkommande tilfelle. Dei svinga på ratt og drog i hendlar som dei skulle hatt jordmorskule (kystskipperskule) eller kapteineksamen.

Ein kan saktens flira litt av dette. Men dette var starten på forfallet. Styremaen slik me kjende han i fjordane, var på veg ut av soga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar