mandag 11. februar 2019

«Stavanger»-bråket tok nattesøvnen frå folk på Tau



Hurtigferja «Stavanger» før den fekk påmontert lydpotter.
Foto: Egil Eriksson.


Dei fire motorane kunne knapt høyrast då kapteinen gav full gass og hurtigferja var kommen opp i ein fart på 25 knop! 

Lovorda sat laust då hurtigferja «Stavanger» blei overlevert frå Fjellstrand-verftet i Hardanger til Stavangerske 7. mai 2003. Ein representant frå Sjøfartsdirektoratet konstaterte at han aldri hadde vore om bord i ei stillare ferje, skreiv Aftenbladet. Han var med då ferja gjekk i  25 knop. Dette var tre knop over den planlagte rutefarten og alle om bord var imponerte.

- Største problemet blir vel at alle vil reisa med den nye ferja, sa maskinsjef Helge Bergsagel som saman med kaptein Einar Bjørn Gjesteland var prosjektleiarar for Stavangerske. Dei var på plass på verftet og deltok i byggjearbeidet frå oktober året før. 


Maskinsjef Helge Bergsagel, til venstre, og kaptein Einar Bjørn Gjesteland, begge frå Stavangerske, var med på
byggearbeidet på hurtigferja som representantar for rederiet. Foto: Jon Ingemundsen.


Om bord var dei fulle av lovord, men folk på land opplevde slett ikkje den nye ferja som lydlaus. Tvertimot. Folk på Tau bråvåkna av braket då ferja gav full gass på veg ut frå Tau.

- Frå hytta vår på Vier høyrte me godt når «Stavanger» gav full gass då den passerte Havnesiloen på veg ut frå byen, seier Knut Vier. Han var matros og billettør  om bord i hurtigferja så lenge den gjekk på Tau. 


Her ser du to av dei fire eksosrøyra med lydpotter
som blei sett på «Stavanger» då den gjekk på verksted. 
Så på fyrste verkstadopphaldet blei det sett på eit kasseliknande påbygg med ein eksosrøyr på taket på alle fire hjørner på ferja. Du ser lett skilnaden frå dei fyrste bildene av ferja og dei som er tekne seinare. 


Dei sugande, lange undersjøane som «Stavanger» laga då den gjekk med full speed, var eit anna kapittel. Det blir fortalt at folk som hadde laga seg private sandstrender på Tau, sat igjen med berre gråstein då ferja hadde gått på Tau nokre veker. 

På denne pionerferja var det ikkje råd å få slikka sol på fine sommarsdagar. Passasjerane var henviste til å opphalda seg i salongen eller i bilane på veg over fjorden. - Eg vil sakna soleplassen min på veg heim om ettermiddagen, sa strandbu og ferjeansvarleg i Statens Vegvesen i Sør-Rogaland, Tormod E. Nag, til Aftenbladet. Han var også gjest på overleveringa. 

Det var lenge litt uklart med salget av bilbillettar. Stavangerske ville ikkje ha billettørar gåande på bildekket under overfarten. Dei frykta at hundrelappane lett kunne fyka av garde i den friske vinden det ville bli mellom bilane. Må hugsa på at dette er lenge sidan. Det var ikkje mange som betalte med kort på den tida. 

Kiosk skulle det ikkje vera på «Stavanger». Folk hadde ikkje tid til å kjøpa mat på den korte tida dei var om bord. Salg av mat og drikke skulle skje på automatar. Men planane blei endra. På plassen der billettkontoret var tenkt plassert, blei det kiosk.  Billettkontoret blei lagt der det skulle vore eit lagerrom. 

- På dei opprinnelege teikningane var ferja mykje meir firkanta enn den blei til slutt, Det var Olaug R. Sjursø, som då var assisterande direktør i Stavangerske, som har æra for at formene blei litt meir avrunda på den ferdige ferja, seier Egil Nylund som var sjef for ferjedrifta i Stavangerske. 

«Stavanger»  går nå i ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal i Sognefjorden.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar