mandag 18. februar 2019

«Stavanger» dundra rett inn i Bybrua

Fyrstesida i Aftenbladet fredag 13. juni 2003.


Tau-ferja inn i Bybrua i natt, meldte Aftenbladet med store bokstavar på toppen av fyrstesida, fredag 13. juni 2003.

Ganske forsmedeleg: Den flunkande nye hurtigferja «Stavanger» var inne i si andre veke i Tau-sambandet då den dundra rett inn i bru-karet til Bybrua på Grasholmen. Heldigvis blei ingen skada i uhellet. - Me blei kasta veggimellom, sa passasjer Nina Helland frå Tau til Aftenbladet etter å ha blitt hjelpt i land på Grasholmen etter den harde landkjenninga.

Ferja gjekk frå Fiskepiren klokka 1.25.


Reportasjen i Aftenbladet fredag 13. juni 2003.


 -Eit par minutt seinare small det. Folk blei kasta ut av seta og ein glassvegg knuste, fortalde passasjer Ole Idsøe. Han hadde lagt seg ned på ei stolrekke for å slappa av på turen til Tau.

- Kan det vera tekniske årsaker eller har ikkje offiserar og mannskap fått god nok opplæring på det nye fartyet. Det har ikkje gått i ruta meir enn snaut to veker, spurde Ole Idsøe.

- Me trudde det var ein ny runde med lyn og torden då me høyrde braket, sa Klaus Engelsgjerd, Frank Arild Mehus, Ivar Remberg og Ivar Hognestad til Aftenbladet. Dei budde på Grasholmen og bråvakna då ferja gjekk i Bybrua.

«Stavanger» hadde fire propellar og mista ein og fekk ein skada i uhellet. Men det gjekk ikkje så mange vekene før ferja var tilbake i ruta.

I avisa blei det spekulert i kva som var årsaka til ulukka. Var det teknisk svikt eller for stor fart? Aftenbladet snakka med fleire som meinte at både ferjer og hurtigbåtar hadde for lite respekt for fartsgrensa på fem knop i havnebassenget.


Stort intervju med administrerande kaptein Einar Bjørn Gjesteland i Aftenbladet 18. juni 2003.

- Treffer du Bybrua, ligger du der til spott og spe, sa administrerande kaptein Einar Bjørn Gjesteland på «Stavanger» til Aftenbladet i eit stort intervju to-tre dagar seinare. Han var prosjektleiar for den nye ferja og hadde vore Stavangerske sin representant på verftet i Hardanger medan ferja blei bygd. Då uhellet skjedde, var han ikkje på jobb. Etter hendinga skulle enkelte av folka om bord ha opplevd spott og spe frå utanforståande. Dette burde folk spara seg for. Ei slik hending tar på alle involverte både på ferja og på land, sa Gjesteland som avviste at ferja var ein fiasko. Nå var det berre å få ferja klar og tilbake i trafikk slik at ein kunne byggja opp tilliten igjen.

- Målet må vera å få ei ferje til av same type i Tau-sambandet, sa Gjesteland.

ÅRSAKA TIL UHELLET var at vakthavande i styrehuset hadde skifta til transfer-modus rett etter avgang frå Fiskepiren. Dette skulle ikkje vore gjort før ferja hadde passert Bybrua og var ute i meir rommeleg farvatn. Då dei skulle passera brua fekk ikkje navigatøren ror og propellar til å lystra slik han rekna med. Dermed gjekk det gale. 

Når ferja gjekk på sakte fart og inn mot kai, var ror og propellar i det som blei kalla manøver-modus. Då kunne ein bruka full kraft både på motorar og ror. Men når ein kom ut or havna gjekk ein over i transfer-modus. Då fekk ein ikkje full kraft på ror eller motorar for å hindra ikkje planlagte bråstopp eller kraftige svingar.

Spørsmålet var vel om kapteinar og styrmenn var drilla nok i prosedyrene om bord før ferja blei sett inn ruta. Menneskeleg svikt var i alle tilfelle årsaka til uhellet i juni 2003.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar