fredag 8. februar 2019

Ferja med Stavanger-bilder på stolane

Ingen andre Tau-ferjer har hatt Stavanger-bilder på stolryggane i
Salongen. Foto: Arne Søllesvik. 

Innredninga på hurtigferja «Stavanger» virka ikkje spesielt påkosta, snarare tvertimot. Men ingen andre Tau-ferjer har hatt Stavanger-bilder på seteryggane på stolane i salongen. Forresten var Strandalandetogså representert med kvernhus, helleristningar frå Solvakk og lysthuset til Villa Tou. Så sjølv om stolane ikkje var spesielt god å sitja på, hadde dei ein heilt spesiell lokal-koloritt. Og ferjeturen varte ikkje meir enn ein snau halvtime med den raskaste ferja som nokon gong har gått i fjordane våre. 

Det svære, gule reklameskiltet for Helgø Matsenter over bildekket er det også mange som hugsar når dei snakkar om akkurat denne ferja. Vittige tunger ville ha det til at dette var skipsnavnet.

«Stavanger» som ny i 2003. Før reklameskiltet for Helgø Matsenter kom på plass over bildekket. 


- Den nye Tau-ferja vil bli ein turist-attraksjon i seg sjølv, sa direktør Ivar Myklebust ved Fjellstrand-verftet til Aftenbladet sin utsende medarbeidar Tor Inge Jøssang medan ferja var under bygging i Rosendal.

At turistane kom reisande til Stavanger spesielt for å sjå på denne ferja, har eg ikkje sett eller høyrt noko om.

Mellom dei faste brukarane, derimot, blei «Stavanger» ein attraksjon. Bilane bråbremsa på veg ned Taurabakken dersom dei oppdaga at dei kunne komma til å kjøra om bord i ei av dei gamle ferjene som låg og lasta bilar i ferjestøa. Mange snudde og kjørte ein ekstrarunde opp til Torgerskrossen for å hala ut tida slik at dei kunne få reisa med «Stavanger» som var ventande om kort. 

Billettør Knut Vier, Her om bord
i «Hardanger».
- Eg gjekk om bord i den nye hurtigferja då den kom til Stavanger og var om bord i den heile tida medan den gjekk i Tau-sambandet. Då den havna i opplag på Klasaskjæret i 2010. var eg også med, fortel billettør og matros Knut Vier som ikkje kan hugsa ein einaste klage frå dei reisande i denne tida.

Ferja fungerte prikkfritt og var populær. Då «Stavanger» blei teken ut av drift, gjekk Vier og resten av skiftet hans over på ferja «Ullensvang» som nå gjekk inn i Tau-sambandet saman med dei to systerferjene «Stord» og «Bjørnefjord». Den sistnemnde ferja var ein gammal kjenning: Den hadde navnet «Stavanger» då den var ny i 1990.

Dei tre eldre ferjene som nå overtok på Tau-sambandet, var blitt arbeidsledige då Tide mista anbudet på ferjesambandet Sandvikvåg - Halhjem. 

- I landets største pendlersamband er utsiktene til større driftsikkerhet svært gode nyheter. Hvert år reiser om lag 1,2 milloner bilførere og passasjerer med Tau-sambandet. Utenom kortere reisetid vil de nok også sette pris på utsikten til Ryfylke-bassenget gjennom store vinduer, skreiv ein oppglødd Tor Inge Jøssang i Aftenbladet i januar 2002 etter å ha vore å sette på byggearbeidet på verftet i Rosendal. 

Men «Stavanger» var for dyr i drift. Dermed blei den teken ut av Tau-sambandet. Seinare gjekk den i Oslofjorden mellom Horten og Moss. Nå går den i ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal i Sognefjorden.

Flott utsikt frå salongen på «Stavanger». Her av Bekhuskaien i 2003 før ferja blei sett i rutefart. Foto: Arne Søllesvik.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar