mandag 1. august 2016

På båttur med kurs etter vêrkartet

Aftenbladet sitt vêrkart er oppløftande lesing. Blir ikkje
verst i Rogaland i morgon. 


Hallo! Her er det någe spinngale. Fellesferien er slutt. Men regnet silar stadig ned. Det er ikkje etter planen vår. Og me gamle besteforeldre har lova å dra på båttur i dag med barnebarna våre. To kjekke jenter som har gleda seg sidan jul til båttur i juli.

Å fortapa seg i regn- og vindmeldingar på yr.no hjelper ikkje på humøret. Men i Aftenbladet er det trøyst å finna. Her blir du harmoniske av å studera vêrkartet på siste sida.

Det er blitt veldig in å klaga på Aftenbladet nå for tida. Allslags viktigperar veit koss avisa skulle styrt unna vanskane som ventar nå.  Eg er ikkje med i klagekoret. Dette var min arbeidsplass i 34 år. Der var det godt å vera.

Tilbake til Aftenblad-kartet. Morgondagen ser jo svingod ut. Sol over heile fylket. Berre ei lita sky ligg på sida av sola. Ein millimeter nedbør kan det bli dei fleste plassar, men kva er vel det. Ein millimeter kan me vel tåla. På Bryne blir det null millimeter, men dertil kjem me ikkje i båt.

Lengst inne i fjordane blir det litt meir regn, ifølge vêrkartet. Lysebotn, Hjelmeland, Sand og Sauda  kan få 2-3-4 millimeter. Men der har me vore før i både sol og regn.

Ein strålande sommardag i Lysebotn har me sett desse galne fallskjermhopparane komma seilande i sval solgangsbrisfrå Kjerag og heilt inn til Lysebotn. Dei landa på grassletta rett ved campingplassen og skreik av full hals. Så glad var dei for å ha landa trygt. Men 2 millimeter regn og berre 15 varmegrader gir ikkje mykje solgangsbris i Lysebotn i morgon.

 Då styrer me heller ut mot kysten. Kvitsøy og Skudeneshavn har sikkert opphaldsvêr, men er ikkje tekne med på kartet. Finnøy får ein millimeter regn. Skal me prøva oss på Sjernarøyane?

På ein mandagsmorgon er veka lang og ubrukt. Me får sjå. Før i tida drog folk på båttur utan kart. Dei navigerte ved hjelp av merkelappane på brødkassane på rutebåtkaiane, blei det sagt.

I vår båt er det båtsportkart, store kart og kartplottar. Forresten har me vore på dei fleste plassane før. Men der er like spennande kvar gong me startar på ein ny tur.

Og makrell går det an å fiska i regn. Og vêret skal vera spinngale viss me ikkje kan spela vrå-åtten.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar