torsdag 4. august 2016

Kven er dårlegast? Vêret eller yr.no?

Yr.no driv rein vêr-propaganda. Sjå her kva
 dei lovar for Karmøy i dag.


Nå er eg sure på vêret og rasande på yr.no. Eg sit innestengde i båten i gjestehavna i Kopervik. Det høljar ned medan timevarslet på yr fortel meg at det berre skal komma inntil 0,7 millimeter nedbør fram til klokka 11. Sanninga er at det har komme ein ny millimeter kvar gong eg trykker på punktum-tasten. Yr må leggjast ned.

Klokka 13 skal det vera sol og berre ein regndrope, ifølge yr. Dette er ikkje løye lenger! Trur nokon at eg verkeleg kan fjerne kalesja over akterdekket og sola meg når klokka blir ett?

I morgon skal det vera opphald heile dagen,. Kan eg tru på det?

Søskenbarnet mitt frå Oslo sit nå einsam og fråreist på Nedstrand. Han lett seg lura av yr og drog til Vestlandet  Nå er resten av familien flykta til Kreta. Han legg dagleg ut nedslåande bilde av det dårlege vestlandsvêret på Facebook. På hytta har han piano av alle ting. Du trur at han sit og oppmuntrar seg sjøl med å spela piano. Men maen kan ikkje spela på den slags tangentinstrument. Og nå er han altfor gammal til å læra det.

Forresten er det mange andre grunnar til å klaga.

Gjestehavna i Kopervik svara ikkje til førehandsreklamen. Tidlegare i sommar kom med i snakk med ei karmøydama på Borgøy. Ho lovprisa dei flotte gjesteplassane heilt innerst i havna, rett før vippebrua.

Du må vera obs når du skal på do i Kopervik. Bilane susar rett forbi. 


Her går det ein sterkt trafikkert vei mellom båtane og toalett-bygget. Trafikkfarleg i dette sure vêret.
Ser for meg denne overskrifta i Haugesunds Avis: Pissetrengt båtturist påkjørt på veg til pissoaren.

Og nokon vannslange har eg ikkje funne til nå. Eg trur eg kjøper meg ei trakt og samlar regnvatn direkte på tanken i båten.

Eg har vore i gjestehavna i Skudneshavn også denne sommaren. Den var mykje finare. Men der kom det ein lokal original bort til oss og skulle absolutt snakka politikk. - Sylvi Listhaug er det beste som har hendt i norsk politikk, sa han . Har du høyrt det galnare?

Fremskrittspartiet som er mot alt som er vondt som bompengar, dab-radio, muslimar i bunad og alle former for skatt. Har aldri registrert at dei er mot drittvêr.

Ausann! Eg syns det lysnar litt over Karmsundet. Takk for nå. Nå skal eg lufta meg.

Glad eg alltid er så positive!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar