søndag 31. juli 2016

Denne fisken skulle far min sett

Denne auren er over eit halvt kilo. Ein sensasjon
for vårt vatn.

- Så synd at 'an far er død. Denne fisken skulle han sett.

Det var det fyrste eg tenkte då me hadde dradd opp garnet i går morges. Etter å ha fiska opp fjellaure i over 20 år, kom det endelege beviset på at vatnet vårt ikkje lenger er håplaust overbefolka. Nå er det plass og mat nok for fisken som er igjen. Dei kan eta seg mette og veksa seg store viss dei held seg unna fiskekrokar og garn og andre farar.

For over 70 år sidan bygde far min hytte ved eit lite fjellvatn i dei indre og mindre tilgjengelege deler av Ryfylke. Vatnet var ikkje kjent som noko godt fiskevatn. Det var fullt av småaure som var kvit i kjøtet og mindre attraktiv mellom aurekjennarar.

For oss ungane var fisken meir enn god nok. Den beit villig på makk og fluge. Det var ein fest når far hadde tid til å vera med oss og fiska med oter. Det blei alltid fisk. Garantert.

Viss me kom oss av garde til heis ein haustdag når lauvskogen lyste gul, sto det tett i tett med aure i bekkeosen. Den var klar til å gyta og syta for at det blei endå meir fisk i vatn. Då sette me garn over osen og jaga auren i garnet. I heldige stunder kunne det stå 40-50 aurar i garnet.

Sjølv om fisken ikkje var raud i kjøtet, var nysteikt, fersk fjellaure eit festmåltid på hytta. Men det var ein skikkeleg nedtur å plukka same sorten fisk opp av fryseboksen for å gjenoppliva ein slik feststemning på kjøkkenet i byen.

- Me skulle hatt fleire garn og fiska opp så mykje aure at det blir gode forhold for den gjenverande fisken, sa far min. Men det blei med snakk og luftige planar.

Og dette problemet med den manglande raudfargen. Far sa at det mangla kreps som auren kunne meska seg med å få rette raudfargen. Den manglande krepsen var det ikkje noko å gjera med. Men han hadde snakka med folk som meinte at ein kunna kasta rekeskal i fiskevatn for å skaffa fram raudfargen.

Far min ville blitt 103 år i september. Det er 25 år sidan han gjekk ut av tida. Han hadde vore oppglødd viss han hadde sett auren på dryge halvkiloet som me fekk på garnet. Då den blei strekt godt ut og metermålet kom fram var den slik cirka 47 centimeter. Ikkje verst. Tidlegare var 27 centimeter ein lang fisk.

Dei siste åra har me fiska med tre garn i vatnet. Dette har ikkje vore noko intenst kultiveringsarbeid, men etter fire-fem år såg me at fisken begynte å bli litt større. Etter endå fleire år dukka det opp aurar som tydelegvis hadde utvikla kannibalistiske trekk. Dei hadde ete seg store på sine slektningar.

- For ein tosk som fortel om vatnet sitt. Nå kjem det allslags lykkejegrar for å prøva fiskelykka her, tenkjer sikkert du som les dette.  Eg er ikkje svært redd for det. Dei finn det ikkje. Det er langt å gå og vanskeleg å fiska med stang når ein ikkje er kjend. Og auren er stadig kvit i kjøtet. Forresten er det ikkje mange igjen når dei blir så store.

Så stor fisk hadde du ikkje drøymt om, far!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar