tirsdag 2. august 2016

Lett å gå for langt på jentetur!

Jenter i full fart. Forbudt å snu før skrittellaren viste 3000 skritt. 


Ikkje lett når vêret ikkje kan bestemma seg. Er det surt eller halvfint? Nå ligg eg på Nedstrand og lurer på om turen skal gå vidare eller om me berre skal leggja oss til her og spela vri-åtten resten av dagen.

Regnet heldt eit hekkan med oss i dag morges. For ein fiasko, tenkte eg. Nedstrand er ikkje så verst i fint vêr, men når du ligg i båt og det ausar ned. Humøret kjem lett i lågtrykksmodus på slike dagar.

- Hurra. I dag kan me leka butikk. Du farfar kan ha din butikk her på spisebordet, sa småjentene som har gleda seg ein heil vinter til båttur med besteforeldrene.

Eg bestemmer så lenge båten er i fart, men mine fullmakter blir inndregne så snart båten er fast i land. Farmor er sjefen ved landligge.

- Nå skal me ha frokost. Deretter blir det tur, forkynte landsjefen.

Då morgonstell og frokost var unnagjort og pakka vekk, var eg fint nøydd til å dra på meg regnkleshabitten og traska etter tre damer i ureint trav.

- Her på Nedstrand er det mange fine blomster. Koss mange sortar trur du me finn?

Eg tippa på fire.  Dei andre rekna med at det kunne bli både 20 og 30 ulike slag. På dei guttaturane eg har vore med på, er det aldri plukka blomster, berre så alle veit  det. Jentene fann 20 sorter.

Her skal du finna alle 20 blomsterslaga.

Åpningstempoet mitt var forsiktig. Eg la meg godt bak jentene slik at det skulle bli kortare å gå heim igjen. Landssjefen fann seg ikkje i unnasluntring. - Ingen får snu før skritt-tellaren på mobiltelefonen viser 3000 skritt, meldte sjefen.

Så mange skritt har eg ikkje gått på Nedstrand sidan eg var her på Kristi Himmelfart-stevne i 1963. Då tok eg "Fisterfjord" frå Tøtlandsvik til Nedstrand. Der vandra eg rundt i timesvis utan mål og meining. Og det religiøse innhaldet var lik null.

Denne gongen gjekk turen frå båthavna innover i retning mot Vindafjorden. Her er mange gamle, fine murar å sjå. Men det kjekkaste eg oppdaga var dette skiltet:

På Nedstrand er det stadig kommisjonær for Dagbladet Rogaland.


Tenk på Nedstrand har dei kommisjonær for Dagbladet Rogaland ennå.

Vel tilbake i båten viste mobilen at eg har gått 7184 skritt til nå. Det kan bli mange fleire skritt viss me blir gåande her på Nedstrand resten av veka. Spørsmålet om å leka butikk har ikkje dukka opp igjen etter turen. Heldigvis!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar