søndag 7. august 2016

Forlist båt og for liten lottogevinst!

Slik låg båten til fetteren min då han skulle returnera til Nedstrand.
(Foto: Arild Hansson, Facebook)


Ein forliste båt, ein for liten lottogevinst og eit forferdeleg ferievêr. Eg har fått feber og rennande nase. Men i dag er det heilt ål rait og sitja inne og sjå ut på regnet. Ingenting å gå glipp av, og det er stadig to veker igjen med feriekos.

Min uheldige fetter frå Oslo er blitt utsett for den eine påkjenninga etter den andre. Han tok med seg familien til Nedstrand på sommarferie. Men regnet tok aldeles knekken på hyttekosen. Kånå tok med seg resten av familien og drog til Hellas for å sjå sola i meir enn ein halvtime i strekk. Fetteren sat aleine igjen på Nedstrand.

Sist fredag gjekk han med båten sin frå Nedstrand til Fister der søstera bur. Han hadde det kjekt hos familien og overnatta der. Sjokket fekk han neste dag. Han fann båten sin meir eller mindre forlist ved Fister-kaien.

Redningsskøyta blei tilkalt. Ganske raskt var hjelpa på plass. Båten blei snudd på rett kjøl og sett på land.

Årsaka til forliset? Den vesle Fjordlingen låg med akterenden mot nordavinden som var ganske sur natt til lørdag. Sjøen slo over esinga på båten. Til slutt var båten så full av vatn at den kantra.

Forståsegpåarane vil sei: Han skulle jo aldri gått frå båten for natta på den måten. I det minste burde han lagt den med baugen mot vêret. Lett å seia det. Kven skulle tru at det skulle bli så mykje sjø på den puslete Fistervågen?

Eit slikt uhell hatt teke motet frå meg. Ikkje slik med slektningen min. Han var like blid då eg snakka med han i telefon i går kveld.

Kompisen på Nedstrand kom og henta han med søsterskipet og frakta fetteren min tilbake til hytta. I går kveld var han på veg til Fister med bil og båttilhengar. Han rekna med båt og motor ville vera klar til nye dystar til sola skin på Nedstrand igjen om to-tre dagar.

Så til uflaks midt i flaksen.

Tenk om det siste talet hadde vore på plass.


Ein kjenning av meg fekk SMS for eit par timar sidan. - Du har vunnet i lotto, forkynte Norsk Tipping.

4350 kroner i gevinst er ikkje så verst. Men tenk om det siste talet hadde vore på plass. Tilleggstalet 15 ville gitt 99.000 kroner. Og viss bursdagen til ein av ungane, 18, hadde vore på plass i rekka, ville det det blitt milliongevinst. Litt irriterande. Men kjenningen min er lik slektnigen. Dei er lika blide uansett. Sjøl vinn eg berre ein 50-kroning i Lotto av og til. Eg hadde blitt sur av å vera så nær ein skikkeleg gevinst.

For meg går det i hosting og snufsing. Den første ferieveka har vore spennande. Dei to neste vil sikkert bli endå flottare. Men akkurat nå er det litt surt ute. Eg tar ingen sjansar på flaum på verandaen.

Tek ikkje sjansen på at det skal bli flaum på verandaen. 


(Vil du sjå fleire bilde frå Fister-forlist, har fetteren min, Arild Hansson, lagt ut mange på Facebook.)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar