onsdag 3. august 2016

Her får du komler på kinarestauranten!

Kinarestauranten i Kopervik har komler i dag.

Kanskje den einaste kinarestauranten i verda som serverer komler kvar torsdag? I dag er etablissementet lokalisert. Nå vurderer me å bli her til middagssuget melder seg i morgon.

Kaffor skal folk reisa til Kina for å eta seg mette når dei kan sitja heime på Karmøy og eta kinamat til dei sprekk i Koparvik? For oss med flyskrekk er svaret enkelt. Me dyrkar våre matlyster i matfylket Rogaland.

Den store jenteturen med ein medbrakt mann tok seg vidare frå Nedstrand til Kopervik i dag. Sola skein frå ein tilnærma blå himmel ved åtte-tida i dag. Sommarstemning. Skipperen fekk etterkvart purra damene som sov tungt og sikkert ikkje hadde vakna før ved middagstider utan handfast vekking.

Nå har me meska oss nok med hamburgerar og pommes frites på kafeen i den nedlagte banken på Nedstrand. Nå var det på tide med nye gastronomiske utfordringar. Derfor kasta me loss på Nedstrand klokka 10.40 og styrte utover mot Karmøy i fint vêr. Kinarestauranten i Kopervik blei dagens mål.

Ingenting å seia på sommarstemninga i båten
 ei lita stund i dag.

Jenter er løgne. Dei er ikkje alltid så veldig interesserte i båt og båtliv som du som mann kanskje skulle tru. Eg prøvde å engasjera dei i navigasjonsarbeidet. Kikka etter stakar og fyrlykter, men det blei ingen suksess.

- Sjå gassflammen, ropte eg og peika inn på det svære industriområdet på Kårstø.

- Oi, svara jentene og kikka raskt opp. Fem sekund seinare var dei konsentrert om hovedaktiviteten i dag: Pappsløyd. Jentene og farmora har klipt og limt og jobba med å laga esker og løgnasgreier av farga papir.

Stemninga var utmerka då me fortøyde i gjestehavna i Kopervik klokka 13.20 etter ein avslappande tur frå Nedstrand.

Heilt ærleg: Kopervik har me hatt eit litt perifert forhold til. Eg var her omtrent kvar natt dei sju vekene i 1970 då eg var matros på nattruteskipet "Stavanger". Kånå har gått i land frå westamaranen her ein gong på 1980-talet.

Nå har me retta opp mykje. Me har betalt havneavgift. Forsynt oss med straum og logga oss inn på Karmsund kommune sitt gjestenett.

Kinamaten på Hjørna på Hendersons hotel smakte utmerket og servicen var upåklageleg. Men ver obs på ein ting viss du skal innom der. Du kan ikkje betala med kort!

Regnet kom til Nedstrand rett etter at me hadde reist. Skyene begynte å blåna bak oss innover i fjordane. For å vera heilt ærleg, nådde regnet oss igjen på Karmøy etter eit par timar.  Men me gjer ikkje opp. Sola skal visa seg litt både i morgon og på fredag.

Skrittellaren viser 6997.

Du høyrer snart frå oss igjen.

Helsing jone og jentene.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar