tirsdag 23. august 2016

"Fjordbris" - full fart og fin fasong i snart 70 år

Den moderne "Fjordbris" har ein rutefart på linje med hydrofoilane frå
1960-talet. Båten har Skyss-fargar, men er registrert i Stavanger. 

Blei nesten rørt av å oppdaga den nye "Fjordbris" då den låg ved kai på Bekkjarvik i Sunnhordland for eit par veker sidan. Blei ein rask kikk. Eit par minutt seinare var den svarte og oransje hurtigbåten i fart igjen. Lang og lettbeint la den i veg nordover i Austevollsleia.

Flott at Norled har teke vare på dei gamle navnetradisjonane til Stavangerske og har Stavangerske-flagget vaiande på kvar einaste hurtigbåt og ferje langs kysten.

Må vedgå at denne nye "Brisen" hadde gått meg hus forbi. Dette er ein katamaran (ikkje westamaran) som Norled overtok i februar 2014. Den 36,7 meter lange passasjerbåten er bygd av Brødrene Aa i Hyen og hadde byggjenumer 273. 240 passasjerar er det plass til om bord.

Skipsbyggjarane i Hyen kunne sopa inn ein fin bonus då det viste seg at "Fjordbris" gjekk raskare enn den garanterte farten på 35 knop i byggjekontrakten. På den tekniske prøveturen viste instrumenta ein fart på knapt 39 knop med 20 tonn dødvekt. Dette betyr at "Fjordbris" kan halda den planlagde rutefarten uten å pressa maskineriet for mykje og drivstoff-forbruket blir også mindre. Det står fire motorar om bord. "Fjordbris" kan halda god rutefart med ein motor ute av drift.

Båten er utvikla av bergensfirmaet Paradis Nautica i samarbeid med Brødrene Aa og Norled.

Ein flaggpryda "Fjordbris" i full fart på Sandsfjorden 21. juni 1950. Båten
er fullasta med sandsbuar som ville vinka til Kong Haakon på veg til Sauda.


Den fyrste "Brisen" hadde ein toppfart på 16 knop då den blei sett i fart i juni i 1948. Saman med søsterskipet "Fjordsol" var dette ei vidare-utvikling av fjordbussen "Fjorddrott" som var ein sensasjon då den kom i 1939 då dei gammaldagse dampbåtane dominerte fjordafarten på Vestlandet og resten av Norge. Den vekte oppsikt over store deler av verda.

Unge flotte jørpelandsjenter på 50-talet fotograferte framføre
 moderne "Fjordbris". Foto: Strand Historie- og ættesogelag.
Den raske "Fjordbris" blei Stavangerske sin spydspiss i kampen mot Jøsenfjord Rutelag om bilar, last og passasjerar i Tau-ruta. Dei svenske Nohab-maskinane blei pressa til det ytterste kvar einaste dag for å greia å pressa seg forbi Jøsensfjord-selskapet sin "Årdalsfjord" før dei seig forbi Grasholmen og inn på Stavanger havn.

 "Fjordbris" fekk ein stor tilhengar-skare på Jørpeland og resten av Strandalandet. Den var vitigaste båten i Søre Strand i alle år fram til Tau-ferja blei sett i drift i 1961. Deretter gjekk "Fjordbris" i Sauda-ruta i mange år. Den overnatta i Stavanger og gjekk til Sauda og snudde kvar dag fram til den avløyste "Fjorddrott" i Vindafjord-ruta rundt 1970.

I daglegtalen blei dei tre fjordbussane til DSD ofte omtala som "Brisane". "Fjordbris" blei teken ut av drift i 1975. Seinare blei den sett på land på Tømmerodden på Buøy og brukt til brannøvelsar for oljefolk i mange år. "Fjordbris" var 40,8 meter lang.

Tidlegare "Storesund" blei "Fjordbris" i 1981. Her i Boknasundet.
 Foto: Stavanger Aftenblad


I 1981 kom det ein ny "Fjordbris" inn i Stavangerske-flåten. Heilt ny var den ikkje. Denne hurtigbåten blei bygd for Haugesund Dampskibsselseskab (HDS) i 1974 ved Westermoen Hydrofoil i Mandal. Dette var ein ekte westamaran, med andre ord. Rutefarten var 23-24 knop på gode dagar.

"Storesund" blei navnet på denne båten i 1974. Båten gjekk som einaste HDS-båt mellom Stavanger og Haugesund frå morgon til kveld. Optimismen var stor på denne tida. Haugesundarar kunne reisa til Stavanger på teater og ta siste westamaran heim seint på kveld. Året etterpå var optimismen bleikna. Det blei innsparingar i rutedrifta.

Den nye flyplassen på Karmøy førte til mindre trafikk over Boknafjorden. "Storesund" blei gåande i ei slags samseiling med Flaggruten fram til 1981. Då blei den seldt til Stavangerske som gav den navnet "Fjordbris".

Den tidlegare Haugesund-båten blei i fyrste omgang brukt til å frakta arbeidsfolk mellom Stavanger og Vats der Statfjord B-plattforma skulle gjerast ferdig i Yrkjefjorden. Seinare gjekk "Fjordbris" mellom anna i pendlarruta til Rennesøy. Den gjekk også som reserverbåt i andre ruter.

I 1992 blei den tidlegare "Storesund" seldt til eit tyrkisk rederi og gitt navnet "Fergün Express". Båten gjekk i mange år i rute mellom Tyrkia og Kypros.

"Fjordbris" frå 1991 var ein av trillingane som var bygde i Mandal. Den heldt
det gåande i fjordane våre fram ti 2009. Foto: Termaloma.


Stor stas i Vågen i Stavanger 20. april 1991 da Rogaland Trafikkselskap overtok de såkalte trillingene "Fjorddrott", "Fjordsol" og "Fjordbris". Dei blei sett inn i Ryfylke-trafikken frå 1. mai

Trillingane var bygde ved Båtservice Holding i Mandal. Dei var 28 meter lange, hadde plass til 150 passasjerar og ein servicefart på 32 knop, blei det sagt då båtane blei levert. Til kvardags gjekk desse båtane opp mot 30 knop i rutene sine.

Vinteren 1995 - 1996 blei båtane forlengde med ein meter og fekk plass til 25 passasjerar ekstra ved at fire mannskapslugarar blei fjerna.

Sommaren 2000 overtok Rogaland Trafikkselskap hurtigbåtruta på Haugesund og der blei "Fjordbris" fast båt. Alle som har vore skikkeleg interesserte i rutebåtar, hugsar "Fjordbris" frå den tida. Nå blei den stasa opp med eit stort Stavangerske-flagg på skutesida og dessutan sto det Haugesundsekspressen på kvar side. "Fjordbris" var også utleigd ein del til HSD i desse åra. Den gjekk i Flaggruten og i hurtigbåtruta Bergen - Os - Sunnhordland.

Rederinavnet Rogaland Trafikkselskap blei skrota i januar 2003. Nå blei det Stavangerske igjen.

Frå 2004 var "Fjordbris" tilbake i Ryfylkerutene igjen.

I 2008 var det nytt rederi-navn igjen. Nå blei det Tide Sjø.

I desember 2009 blei "Fjordbris" seldt til det tyrkiske rederiet Bogazici Shipping og sendt frå Norge i februar 2010. "Firtina" blei det nye navnet.

"Fjordbris"-navnet var nå ledig og kom fyrst i bruk i 2014 med den nye båten som går i
Sunnhordland. Flott båt med tradisjonsrikt land.


Gamle "Fjordbris" på Hidlefjorden med kurs for
 byen 24. mai 1957. Foto: Widerøe.


Hovedbildet av den nye "Fjordbris har eg funnet på Brødrene Aa si heimeside. Bildet av "Fjordbris" ved Sand i 1950 tilhøyrer Stavanger Sjøfartsmuseum. Det blei brukt i boka Fjordabåtene frå 2055.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar