torsdag 11. juni 2015

Vakre sommar-netter og ei rask madonna i Bergen



Jonsoknatt i Jølster. Sto ikkje dette Astrup-bildet i leseboka frå folkeskulen?

Ausande regn og sur vind og fire timar til kystbussen går. Altfor lenge å gå og vasa på Bystasjonen og altfor dyrt å sitta på Holbergstuen og sjå på paraplyar på Torgalmenningen. 

Det finst ikkje den synd eg ikkje har gjort i Bergen. Eg har til og med kjørt mot rødt lys. Fem års studietid ført allslags med seg. Nok om det.

Planen i går var å reisa sørover med buss. Men når du etter så mange år er i Bergen og har tidene til det, må du sjå deg rundt. For meg blir det som regel å gå ned til Sakken og Vågen og sjå på båtane. Men når det er så surt som i går, har eg faktisk sett båtar nok. Eg ville heller brukt to timar på Clas Ohlson på Bystasjonen. Der blir du ikkje våt.

Men det kom eit godt tips seilande. - Gå og sjå på kunst på KODE, sa vår venn Erik Hillestad som er frå Tasta og studerte i Bergen i vår tid, men aldri greidde å komma seg heim igjen etterpå.

Det hadde eg aldri gjort i Bergen. Brukt tid på bildekunst.

Fire lange steg frå Bystasjonen ligg kunstmuseet KODE. Der hadde Bergen Lysverker sine kontor i den tida då ein mann var ein mann og ein halvliter på Holberg kosta fem kroner.

Fruktbløming i Jølster malt av Nikolai Astrup.
Kunst har eg ikkje mykje peiling på, men det er ganske flott å gå rundt i dunkel belysning og sjå på malerier som viser fruktbløming og jonsoknetter i eit vêr som me ikkje har sett hyren til i år. Gildast av alt er å sjå igjen bilda som eg meiner å kjenna igjen frå lesebøkene på folkeskulen. Var ikkje astrupske jonsoknetter i Jølster fast inventar der?

Så les du på veggen historia om prestesonen Nikolai Astrup som vaks opp i ein trekkfull prestagard i Jølster og blei lungesvak og sjukeleg det meste av sitt liv. Han blei ikkje gammal, men sette spor etter seg i norsk kunsthistorie.

Rikmannen Rasmus Meyer samla ein mengde kunst som er å sjå i dette kunstmuseet ved Lille Lungegårdsvann. Werenskiold, Munch, Krogh og Kitty Kielland, berre for å driva litt namedropping. Her er rom på rom med flotte kunstverk.

Gå og sjå sjøl! Du treng ikkje vera meir seriøs enn meg for å ha glede av det. Til og med ei Madonna av Munch fekk eg med meg.

Til og med ei Madonna fekk eg med meg i farten.































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar