mandag 15. juni 2015

Stoff er dyrt og har gitt meg mange plager!



Kom sommarvind! Båten går på sjøen i kveld.

Stoff betyr problem. Det har kosta meg masse pengar, øydelagde klesplagg og ein skada bil. Stoffet har sett mange merke på min kropp etter bruk. Likevel kjøper eg nytt kvar einaste vår og påfører meg nye plager. Griseri er det mest dekkande navnet.

Bånnstoff blir det også kalla. Alle båteigarar kliner båten sin full av stoff frå vannlinja og overalt nedentil for at skroget ikkje skal veksa fullt av sjøgras, rur og anna skjeggliknande elende. Dette må gjerast kvart år.

For å vera heilt ærleg: Eg er ingen handyman. Tvertimot ein uhelbredeleg klodrik. At eg blei båteigar, er eit av dei store paradoks i livet mitt.

I dag skal båten på sjøen. Den er vaska, bona og stoffa. Nå skin fartyet som ei fela. Sjøl er eg lemster i kroppen og letta over å vera ferdig med jobben. Nå kan dei ventande, varme sommarvindane berre komma. Båten er klar.

Dette året blei det ikkje større traumatiske opplevingar medan båten sto på land. Berre småting. Eg leita meg nesten forderva etter ein rull med maskeringstape. Den hadde klistra seg fast under eit spann og viste seg ikkje før kånå hadde rykka ut ekstra for å kjøpa to ekstra rullar.

 To spann med bånnstoff hadde eg på plass då eg begynte å mala det på. Då det fyrste spannet var slutt, var eg nesten ferdig. Berre litt av kjølen sto igjen ubehandla. Hadde dette vore for 30 år sidan då eg var fersk båteigar, hadde eg sjølvsagt spretta opp eit spann til. I dag er eg altfor gjerring til det. Eit spann på 2,5 liter kostar hundrevis av kroner. - Når båten er på sjøen, er det ingen som ser at det manglar litt, forklarte eg kånå som undra seg over slurvet mitt.

I fjor gjekk det ganske dårleg då eg stoffa båten. Det var dårleg vêr då båten sto på slippen. Difor var eg nok litt for rask då sola plutseleg viste seg. Full fart ut i båthavna for å stoffa. Eg hadde gløymt høvelege klesplagg til jobben. Derfor tok eg på meg oljehyra som låg i båten og starta på jobben. Ikkje haddde eg arbeidshanskar heller.

Båten blei forsåvidt grei nok. Hendene mine blei blå. Dermed blei bilen også blåmerka på rattet, håndbrekket og diverse andre plasser. Kvar gong når eg er ute og kjører bil, blir eg minna på stoffinga i fjor.

Ein heil jobb å krypa rundt på kne og albogar for å stoffa båten. 
Men det verste var oljehyra med alle bånnstoff-flekkane på. Eg var ute og fiska ein regnversdag. Moderne bånnstoff er sjølpolerande og slepp lett frå seg litt farge når det blir vått. Då eg kom til land, var det bånnstoff-blått overalt i båten. Ein ting er litt griseri i bilen. I båten er dette mykje meir alvorleg. Eg brukte timesvis på å fjerna alt som var blått og minna om bånnstoff.

Den verste tabben til slutt:

Båteigarar kan ha bil til ein million og båt til tre millionar. Likevel kan dei bruka all verdens tid på å spara ein 50-lapp når dei skal kjøpa bånnstoff. Verre enn når ein skal spara ein ti-øring på bensinen. Tenk den dyre sløsinga med dyrt stoff når du hadde eit halvt spann igjen når du er ferdig.

Eg fekk eit kjempetips av ein nabo i båthavna. Hos ein båtbyggar på Hundvåg kunne du få låna med deg eit spann. Når du var ferdig med jobben, skulle eg bare gå tilbake med spannet. Så betalte du bare for det du hadde brukt.

Glad og fornøgd drog eg av garde frå båtbyggaren med eit ti-litersspann, fullt med raudt bånnstoff på ein fredag. På lørdag formiddag gjorde eg stoffejobben og sette spannet tilbake i bagasjerommet på bilen.

På søndag kveld åpna eg bagasjerommet. Du slette tid! Der såg det ikkje ut. Spannet var velta og det flaut med raudt bånnstoff overalt. Alt innhald bak i bilen var tilgrisa av stoffet.

Du forstår det at kånå hadde brukt bilen til diverse transport-oppdrag på lørdag ettermiddag. Ungar som skulle i bursdagsselskap eller vorspiel eller andre viktige ting.

Kånå mi blei utdanna til bussjåfør i Bergen Sporvei på 1970-talet. Alle som var kjent i Bergen på den tida veit at i Bergen Sporvei var det aldri mellomstillingar på gass- og bremsepedal. Det var heilt i bånn med begge pedaler når dei skulle brukast.

Det store spannet med bånnstoff fauk vegg-i-mellom i bagasjerommet. Til slutt gav lokket etter og slapp raudt bånnstoffet frå seg.

Av og til kan det vera dyrt å vera gjerrige. Godt å ha ei kåna og skulda på når ulukka er ute.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar