tirsdag 2. juni 2015

Rauå ler i allslags vêr

Viss du skal lesa om doktorgrader i avisa, bør du minst ha
 doktorgrad sjølv også.

Ei seriøs avis skal sjølvsagt kvar dag ha litt komplett uforståleg stoff på trykk. Slik framstår bladet som seriøst for alle lesarar som ikkje forstår eit kvekk. Dessutan hjelper avisa produsentane av kaudervelsken med deira eige sjølbilde. Når du får slik på trykk i avisa, er du både klok og seriøs, tenkjer skribentane.

Overlege Lars Fjetland og hans doktorgrad blir omtala på side 48 i Aftenbladet i dag under tittelen: Endovaskulær hjerneslagbehandling. For snaue tre månader sidan blei eg ramma av hjerneslag. Dermed blei eg litt interessert i denne artikkelen. Eg stava meg gjennom ein lang straum av framandord blanda opp med det gjenkjennelege ordet blodpropp. Forfattaren av artikkelen har ikkje teke seg bryet med å forklara kva endovaskulær betyr. Dermed blei den heilt meiningslaus.

Lars Fjetland er sikkert både ein bra mann og ein seriøs lege. Men kven er det som har skrive dette og kven har sett det på trykk?

- Rauå ler i allslags vêr, sa ein av mine seniorkolleger i Aftenbladet på den tida då eg begynte som bladfyk i avisa på slutten av 1970-talet. Dette var ein generell kommentar til bort-i-skoddå-snakk og sjølhøgtideleg viss-vass som det truleg var vel så mykje av i den tida som det er nå.

Så langt tilbake var det ein såkalla toppartikkel på side to kvar dag. Somme av desse artiklane var lange som vonde år og komplett uforståelege. Eg hugsar spesielt ein artikkel som av alle ting handla om The Beatles. Den var så lang at berre snaut halvparten gjekk inn på side to. Ei side lenger bak i avisa måttte også fyllast opp for å komma til endes på dette stykket.

Dette var i mi tid på den såkalla desken i avisa. Ein av oss deskhaiane tok opp spørsmålet om å dela denne Beatles-artikkelen i to. Slik at dette blei ei framhaldsoge over to dagar. - Artikkelen er altfor dårleg til å delast i to, svara vikarierande toppartikkel-redaktør.

Då eg havna på sjukehuset med hjerneslag blei eg behandla med Plumbo-metoden. Blodårene mine blei pumpa fulle av blodfortynnande medisin som løyste opp den litle blodproppen som eg hadde i hjernen. Dette var altså ein metode som liknar på den me brukar i heimen når vassrøyra tettar seg. Då går det ofte i Plumbo. Behandlinga som eg fekk, kan også beskrivast med flotte faguttrykk slik at vanlege, dødelege ikkje forstår eit kvekk. Men den folkelege forklaringa gav meir enn god nok meining for meg.

Kjære Aftenblad. Med glede tek eg inn papiravisa frå postkassen kvar dag. Eg er like letta kvar dag det ikkje finst kjenningar av med i dødsannonsene. Så blar eg vidare framover i avisa og les litt både her og der. Men spar meg for uforståeleg møl.

PS. Ein annan doktordisputant med lokal tilknytning er også omtale i dagens avis. Den er faktisk endå verre. Komplett uforståeleg.DS.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar