onsdag 3. juni 2015

Strålande maskin-havari på "Lysefjord"

Tidlegare "Lysefjord" er lett gjenkjenneleg der den ligg i Oslo.

 Då maskinen på "Lysefjord" slo seg vrang og sette maskinisten sjakk matt ein laurdags føremiddag på Forsand på slutten på 1950-talet, kom det som bestilt for meg. Dermed blei det ingenting av heimreisa om Stavanger til Hjelmeland via Tau. Tvertimot blei det dokterskyss til Høle og drosjebil tilbake til Bersagel der turen hadde starta litt tidlegare på dagen.

Sommarferien på Bersagel blei ein dag lenger takka vere den lunefulle "Lysefjord"-maskinen.
Sidan eg var så heldig å ha tante og onkel med hytta på Bersagel, fekk eg eit ganske grundig kjennskap til Høgsfjord Rutelag sine båtar. Fleire somrar fekk eg studera desse grønmalte båtane som gjekk inn og ut fjorden til byen kvar dag: "Lysefjord", "Høle og "Høgsfjord".

Dermed var eg heller ikkje i tvil om at det var gamle "Lysefjord" eg såg då eg sto på dekket på danskebåten då den gjekk ut frå Oslo her for eit par veker sidan.

 Frå 1946 til 1982 gjekk "Lysefjord" som rutebåt på Høgsfjorden og Lysefjorden. Den fekk med seg sju år som Stavangerske-skip før den endeleg blei utrangert i 1982 og seld året etterpå. 

I boka "Fjordabåtene" som kom ut i 2005 skreiv eg at båten nå var blå og kvit og hadde navnet "Carnival".  Vippetangen i Oslo var fast liggeplass. Dette ser ut til å gjelda også nå. Eg har ikkje oppdatert mine kunnskaper, men med sjølvsyn såg eg båten der den låg og var lett gjenkjenneleg. 

Kven hugsar ikkje dei harde trebenkene i dei to salongane på "Lysefjord". Her sat bønder og byfolk og reiste på den svært spesielle grøne og kvite fjordabåten med eit lite styrehus og eit halvtak på dekket over aktersalongen der lasta blei plassert.

"Lysefjord" blei bygd i 1933 i Odense i Danmark for eit svensk rederi og fekk navnet "Gefion". Systerskipet fekk navnet "Gylfe". Dei to båtane gjekk i rute mellom Malmø og København fram til andre verdenskrig. Då blei dei liggjande i opplag fram til 1946. Jøsenfjord Rutelag og Høgsfjord Rutelag var på jakt etter ny tonnasje og gjekk saman og kjøpte dei to skipa. Det var mangel på passande båtmateriell etter krigen og dermed enda selskapa opp med båtar som ikkje akkurat var spesialbygde for fjordafart i Ryfylke. 

"Årdalsfjord" fekk kort karriere i Jøsenfjord-selskapet. Den var
 omtrent heilt lik "Lysefjord".
                                             

Jøsenfjord Rutelag kalla sin båt for "Årdalsfjord".  Den blei brukt i turistruta til Jøsenfjorden første sommaren. Seinare gjekk den mest som reservebåt. Men Jøsenfjord-sjefane tykte ikkje den egna seg særleg godt for fjordafart i ruter der det var etter måten mykje last. I 1951 kvitta selskapet seg med båten. Den havna på bergenskanten og fekk først navnet "Askøy" og seinare "Kvarven". Den forsvann endeleg ut av soga på 1970-talet. 

                                            

"Lysefjord" derimot heldt det gåande i alle år i ruta på Høgsfjorden og Lysefjorden. På 1960-talet blei den påkosta mange pengar. Den blei forlenga og utstyrt med bildekk med plass til fire-fem bilar. Det gamle styrehuset blei skifta ut med ein meir moderne installasjon. Dette styrehuset egna seg best for kapteinar på over to meter. Skipsførarar av meir normal høgde måtte stå på tærne når dei skulle leggja til kai. 

Den moderniserte "Lysefjord" fotografert i Lysebotn.
                                 
Den gamle Tuxham-maskinen som eg hadde stor glede av i min barndom, blei bytta ut med ein Wichmann på 300 hestekrefter. Då  gjorde "Lysefjord" 11 knop. Det blei også montert krane ved ombyggingen slik at det gjekk kvikkare å handtera last. 

Eit kjekt gjensyn i Oslo med ein båt frå min barndom. Tenk den fekk motorstopp på Forsand!


































 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar