søndag 7. juni 2015

Nå må Drevland-familien få fred!

VG og alle andre riksmedia gir stor plass til ordførar Trude Drevland
 i desse dagar.


Kor viktig er bergensordførar Trude Drevland? 

På NRK-Dagsnytt klokka 9 i dag var det hovudsaka at Drevland ikkje hadde vore heilt etterretteleg då ho let seg intervjua om ein tur til Italia med eit privat jetfly. Ho blei påspandert både flytur og hotell-opphald av skipsredar Torstein Hagen. Årsaka var visstnok at ho skulle få sjå eit cruiseskip som ordføraren skulle vera gudmor for i Bergen på sjølvaste 17. mai. Heile landet er nå orientert om dette.

Kva ventar oss i dagane som kjem? Vil ordføraren gå av? Nå jaktar journalistane i flokk.

Eg kunne levd veldig godt her i Stavanger med å vera uvitande om denne saka som tydelegvis er blitt kjempeviktig i Bergen. Ordføraren har brukt opp tabbekvoten sin, men ein treng vel ikkje tyna henne for det.

Trude Drevland kjenner eg ikkje. Ho er ikkje min type. Partiet hennar har eg aldri stemt på. Men nå tykkjer eg synd på både henne og resten av familien.

 Mannen hennar var ein profilert og mykje brukt advokat i Bergen. Fru Drevland svinga seg opp i lokalpolitikken. Eg ser for meg at dei flaug høgt i byen mellom dei sju fjell. Tidlegare i år blei advokat Odd Drevland dømt til fengselsstraff for å ha forsynt seg av pengar som tilhøyrte klientar. Ei anna stor mediasak i vår: Ordførar Trude Drevland har brukt over ein million kroner til å lønna ein mann som skreiv talar for henne. Det var ein skandale etter mitt syn. Skal ordførarar bruka skattepengane våre for å framstå som veltalande? Det er ikkje presidentar me snakka om.

Nå svingar media-karusellen vidare med ordførar Drevland som har vore i Venezia, overnatta på luksus-hotell og gitt feil opplysningar til media etterpå.

Trude Drevland blir aldri meir ordførar i Bergen igjen. Mannen si tid som kjent advokat i Bergen er også forbi. Nå kan dei få litt fred, meiner eg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar