lørdag 20. juni 2015

Får eg monster-poteter i år?

Ser du vasskanna til naboen min inne i potetlauvet?

Potetene som eg sette i jorda 14. mai, veks så gneistane at eg fryktar det blir monster-knollar eg dreg opp av jorda på seinsommaren. Denne enorme voksteren vekkjer opp mine undertrykte anelsar om at det gjekk ein storarta gardbrukar tapt i meg. Det var far min som svikta. Han blei fødd som nummer sju i syskenflokk på ni. Slektsgarden var overlevert lenge før dei kom til hans tur i arverekka.

Dermed måtte eg henslepa mitt liv som sjømann, cowboy og buss-sjåfør medan eg utdanna meg til adjunkt med opprykk. Det var meir flaks enn dugleik som berga meg frå ungdomskulen. Eg enda opp som bladfyk i Aftenbladet.

Men nå har eg gått tilbake til røtene og jorda. Til hausten blir det sjøldyrka poteter viss ikkje alt veks bort i ein jungel av potetlauv og berre bittesmå poteter.

Nokon gard blei det ikkje etter far min. Men drivhuset som han kosta på seg på sine eldre dagar, har eg arva og sett opp på mitt eige småbruk på 150 kvadratmeter midt i byen. Drifta her går etter innfallsmetoden. Litt av kvart, men mest tull og vas.

Far min dyrka med vekslande hell tomater på Laugaland. Der inne i innerste Hjelmeland er det sein vår og tidleg haust. Sommertemperaturane er heller ikkje all verda å slå i bordet med. Dei siste åra far min dreiv med tomater, hadde han rigga seg til med ein kraftig elektrisk varmeomn i drivhuset. Neppe robust og bærekraftig som dei seier i dag.

Kånå mi har med liten suksess dyrka tomater i drivhuset. Først på seinsommaren kom dei fyrste tomatene. Og når dei fyrst kom, kom det mengdevis på ein gong. Dei blei hengade og vansmekta på plantene til dei var øydelagde. På Finnøy kan dei leva av å dyrka i desse raude knollane. Her på Byhaugen ville tomatdyrking vore det sikre sveltihel.

Denne våren la eg ned forbod mot tomater i drivhuset. Etter at eg fekk slag i mars i år, har eg fått ein ny og forsterka autoritet i familien. Før var det ingen som brydde seg om kva eg meinte. Nå, derimot, framstår eg som høvding ved alle anledningar. - Ja, Jone. Nei, Jone. Javel, Jone, går det i nå.

Slik blei det tomatdyrking-

4. mai drog me ut til FK-butikken i Hillevåg og kjøpte ein pose med godkjente settepoteter. Dette er jo eit forskningsprosjekt. Potetene skulle settast i drivhuset og i eit blomsterbed som eg hadde okkupert utanfor. Interessant å samanlikna veksten i drivhus og på friland.

Naboen fnyste då eg grov ned potetene i bedet same dagen som dei var innkjøpte. Han mulla noko om lysgroing og så vidare. - På Laugaland var det ingen som snakka om lysgroing. Det va rett frå kjellaren og i jorda, fnyste eg.

Men potene som skulle i drivhuset, fekk liggja og sola seg i karmen på stoveglaset til den 14. mai før dei blei putta i jorda i drivhuset.

Ikkje den same fresen på friland. Desse potetene
 blei sette 4. mai.
Det blei reine eksplosjonen inne i drivhuset. Det gjekk ikkje mange dagane før det lyste grønt i  den brune molda. Naboen snakka om hypping. Eg har alltid trudd ein måtte ha hest og ein innretning dei kalla Troll for å hyppa poteter, men det var feil. Å hyppa er å grava laus fin mold inntil det spirande molda.

For kvar dag som går blir eg meir og meir spent på koss dette går. Blir det berre potetlauv eller blir det poteter også i drivhuset? Eg snakkar med potetene mine kvar dag. Har ikkje vore så spent sidan kånå var gravid og eg fekk halda på magen henner og kjenna det var liv inni der.

Potetbøndene på Jæren har klaga over våren og været i år. Dei har ikkje fått settepotetene i jorda. Kan dei ikkje byggja drivhus. Ta ein telefon til Listhaug, solstrålå frå Sunnmøre som er blitt landbruksminister, så ordnar det seg snart.

Ha ein grøderik dag!















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar