lørdag 13. juni 2015

Diana-bryllupet var andre boller!

Prinsesse Diana gifta seg 29. juli 1981. Alle hugsar det.

Kongelege, pynta som juletre, trippar plutseleg på raud løpar på fjernsynet mitt. Det er prinsebryllup i Sverige.

Her hadde eg inntatt favoritt-stillinga under slumreteppet på sofaen. Ingenting slår ein middagslur på ein laurdagsettermiddag. Men ikkje i dag, nei. Eg måtte flykta ut på kjøkken for å sleppa unna denne heilt uviktige hendinga i Sverige.

Det var andre boller då Diana gifta seg. Må vedgå at eg såg på heile showet den gongen. Ho følte eg meg nesten i slekt med. 29. juli 1981 gifta denne kjekke jenta seg med den britisk tronarvingen.

 På den tida jobba eg som desk-journalist i Aftenbladet. Å laga avis på føremiddagen med trykkestart  klokka 12 var ein dagleg happening som krevde raske avgjerder og stadige behov for nødløysingar.

Avissidene måtte fyllast i ein farleg fart. I teorien hadde me eit tidsskjema å halda oss til, men det var meir teori enn praksis. Me var alltid for seine. Det var då me hadde Diana på lur. Slik avisa kunne komma med ferjer, bussar og tog ut til abonnentane.

Det sto ein telefoto-maskin i redaksjonen. Den spydde ut all verdens bilder dag og natt. Som ein himmelens åpenbaring dukka Diana brått opp ein gong i 1980 som kjærast til prins Charles. Hordene av paparazzi-fotografar utstyrt med telelinse, gardintrapp og all slags tjuvtriks leverte Diana-motiver i søkk og kav.

Me som laga Aftenbladet forsynte oss med Diana. Kvar dag hadde me eit eller to Diana-bilde liggjande på lur. Du forstår at det oppsto akutte behov for å fylla avissider i ein fart og få dei sende til trykking. Då var det ikkje alltid det låg klart trykkeklart eit kommunestyre-referat eller ein sauesjå-reportasje. Eit Diana-bilde, derimot, var det alltid på lager. Og ho var like sky og smilande om ho kom på trykk eller ikkje.

Difor såg eg på Diana-bryllupet med ei viss bekymring. Som gift var ho ikkje så interessant for fotografane lenger. Kva skulle me nå ha til reserve-stoff på lur? Stakkars Diana fekk ein trist lagnad. Derfor såg eg gravferda hennar også.

Men i dag er det ein svensk prins utan sjanse til å bli konge nokon gong som giftar seg. Dette blir sendt direkte på NRK. Dette kunne gått på betal-tv slik dei fleste fotballkampar gjer i dag. Då hadde me gjerrige sluppe unna med eit redigert opptak i Dagsrevyen. Det hadde vore meir enn nok for meg.

Takka meg til frisk luft i ettermiddag!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar