torsdag 9. juli 2015

Sol, regn, nordavind og nugatti.

To minutt sol er nok til å starta badelivet på Skartveit.

Heldigvis har eg flyskrekk. Derfor finst det ikkje nordavind nok til å skremma meg på  sommarferie til Syden.  Eg truar med meg resten av familien på båttur uansett. 

Denne sommaren er det kånå og dei to jente-barnebarna som er mannskap. Dei har holdt ut med sur skipper, piskande regn, iskald nordavind og litt sol innimellom. 

Med ein gong sola får sleppa til mellom grå og trugande skyer, går alarmen om bord. Då er det av med stillongs og ullundertøy og på med sommartøyet og badeutstyret. Full fart mot nærmaste badeplass.

Akkuratt nå har det vore 20 minutt med sol på Skartveit. Farmor og jentungane storma rett mot den vesle badestranda ved båthavna. Dei vassa og dukka og skvetta vatn på farfaren som syntes det var kaldt nok å fotografera dei badande før han trakk seg tilbake til båten der det ikkje var meir enn passeleg varmt under kalesja. 

Sju minutt seinare rista heile båten på grunn av frøsne barnebarn som hakka tenner. 

- Her på Skartveit snur sola opp og ned på heila greiå. Med solskinnet strøymer det til med folk. Heile havna, all uteplass, kafeen og butikken blir full av folk på eit øyeblikk, seier Anita Ørnes som styre heile turist-Skartveit.

Sist lørdag gjekk me i strålande vêr frå Jørpeland og hadde kurs for Skartveit. Pirfullt. Dette er tydelegvis in-havna for tida. Fleire båtar låg der alt då me kom. Dei var på jakt etter eit lite innsmett. Løysinga blei Eidssund på Ombo. Du kan seia mykje godt om Ombo og Eidssund. Men det er ikkje Skartveit. 

Nedstrand har mykje, trampoine også.
Havskodda kom sigande på søndag føremiddag. Eg går ikkje frå land i tjukk skodd. Men når den ikkje er tjukkare enn at du ser Nord-Hidle frå Omo, då går eg. Me peisa på innover fjorden. Då me kom til land, viste det seg at me var på Nedstrand. Når du kjem til ei båthavn der den nærmaste Joker-butikken heiter Rasmussen, då er du på Nedstrand.  

For å vera litt seriøs: Nedstrand er ei av dei mest attraktive gjestehavnene i heile Ryfylke for tida. Her er det to butikkar, kafe, hurtigbåtanløp og ferjekai. Ferjer og hurtigbåtar som kjem og går er uslåeleg tidtrøyte.Ikkje var det langt å gå til badeplassen heller. Men me skal ikkje klaga på dei andre havnene: Jørpeland, Ombo, Helgøysund, Haugesund, Skartveit. 

Sommarferien blir ikkje den same utan Nugatti.
Det har gått utruleg godt å ha med barnebarna på tur. Dei har vore flinke å leka og har kosa seg. I ferien har ikkje kostholdet vore så strengt som ellers i året. Nugatti til frokost, var strålande greier. 

Sola kjem og går. Nå ventar me på straumen av turistar som skal fylla opp rundt oss på Skartveit. 

Velkommen etter, 





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar