lørdag 29. april 2023

Kjærlighetsbruene - ekta kjærleik og solide betongbruer i Ryfylke

 

Bodhild og Karluf Bråtveit feirar diamantbryllup til 
sommaren.


Tenkte han på jenter der han sto, 14-årige Karluf Bråtveit? Han hadde fått sin fyrste skikkelege jobb. God betaling fekk han også. 27 kroner veka. Ikkje rart han var blid.


Karluf retta ut på spiker som var brukt då dei laga forskalinga til Kjerrli bru i Vormedalen, eit par-tre kilometer frå Tøtlandsvik. Då betongen hadde tørka, blei forskalingsfjølene plukka ned og spikrane trekte ut og retta opp så dei blei fine og beine igjen.


Tunglandsbrua i dag.


Gjenbruk var sjølvsagt i 1952. Spikeren og fjølene skulle brukast til å laga ei akkurat lik bru på Jørpeland. Ånen Mæland og Johan Tytlandsvik, dei to lastebileigarane i bygda, lasta opp og kjørte den lange, smale, svingete vegen heilt frå Vormedalen innerst i Hjelmeland til Jørpeland der det skulle byggjast ny bru over Tunglandselva.


Den unge Karluf fekk vera med på ein av desse turane med lastebil og fekk sjå Jørpeland for fyrste gong.


Kjerrlibrua i dag. Foto: Njål Hetlelid.


Arbeidslaget som bygde brua besto stort sett av lokale mannfolk som tok dei jobbane som det var råd å få i bygda på den tida. Lars Bråtveit, far til Karluf, var ein av brubyggjarane. Desse karane hadde gjort ein god jobb og fekk tilbod om å vera med til Jørpeland og byggja brua der også.


Dei fleste takka ja til tilbodet og reiste til Jørpeland der dei bygde brua som sto ferdig i 1953.


Arbeidsfolk på Tunglandsbrua. Frå venstre: Lars Jøssang, Lars Bråtveit, Knut Jøssang, 
Guttorm Normann, Ole Førland, Torger Jøssang og Ole Voll. Bildet tilhøyrer
Karluf Bråtveit.



Ein del jørpelandsbuar fekk også jobb med å byggja bru. Kan du tenkja deg der fekk Lars Bråtveit ein ny kollega, Ole Voll. Dei sto side om side på stilaset høgt over Tunglandselva og slo inn spikeren som unge Karluf hadde retta opp.


Nå skal eg ikkje lyga og påstå at dei to snakka om ungane sine og at det kom fram at det var ei Voll-jenta på Tungland som var i passande alder for Karluf. Langt i frå. Men Ole Voll var den framtidige svigerfaren til Karluf Bråtveit.


Dei to bruene var kjærkomne i kvar sine bygder. Kjerrlibrua erstatta ei provisorisk bru over Vormedalselva. Den gamle brua blei teken av ein svær flaum under krigen. Den midlertidige brua var så skrøpelig at passasjerane måtte ut av bilane når dei skulle over brua. Nå kunne dei kjøra sutalaust til Tøtlandsvik.


Arbeidsfolk frå¨Vormedalen og Jørpeland. Framme frå venstre: Maurits Jøssang, Olav
Fossane, Lars Jøssang, Bjørn Langeland, Oliver Åsland og Guttorm Normann. Bak frå venstre: 
Oppsynsmann Manfred Fransson, Torger Jøssang, Ånen K. Mæland, Ole Førland, Knut
Jøssang, Lars Bråtveit og Jone Fossane.  


Då Tunglandsbrua blei åpna våren 1953, kunne Ola Buss starta med bussrute til Jøssang, sto det i Aftenbladet. Røyrgata til kraftstasjonen nede på Jørpeland kryssa den gamle brua. Bussane kom ikkje under røyrgata. Men nå var dette problemet løyst. Begge desse bruene blei ein del av Ryfylkevegen. Alle som har kjørte mellom Tytlandsvik og Oanes har kjørt over desse bruene.


Unge Karluf Bråtveit var interessert i bilar og bilkjøring. Han fekk tidleg førarkort og var ikkje sein med å utvida førarkortet slik at han kunne kjøra både lastebil og buss.


Ola Buss som dreiv Østerhus bilruter hadde bruk for sjåførar og den unge vormedalsbuen flytta til Bjørheimsbygda og  blei bussjåfør. Då møtte han kontordama Bodhild Voll frå Tungland. Dei blei kjærastar og gifta seg sommaren 1963. Det blei feira dobbelt bryllup på Folkets Hus. Steinar Voll, bror til Bodhild, gifta seg med Else Marie. Seinare blei Karluf bilmekaniker på Jørpeland. 


Frå Aftenbladet juli 1963.



Bodhild og Karluf busette seg på Tungland og fekk tre barn. Dei bur ennå der og er friske og raske. Til sommaren har dei diamantbryllup.


Arbeidskarane møtte Krokhølsmeden på Tungland. Frå venstre: Jone Fossane, Lars Bråtveit,
Krokhølsmeden Bernhard Karlsen og Guttorm Normann. Bildet tilhøyrer Bjørg Mæland.


For meg har også desse bruene vore viktige. Kjerrlibrua som eg i min barndom trudde hette Kjærligbrua, var ei stor flott, brei bru på vegen mellom Laugaland og Tøtlandsvik. Me guttane sykla ned til brua av og til og beundra den. For her var det til og med fortau, nett som i byen.


Som 20-åring møtte eg Berit frå Tungland på dansen på Heiå. Det gjekk med meg som med an Karluf. Eg blei gift med ei Tunglandsjenta. Ikkje nok med det: Kona til Karluf hadde vore passejenta for ho som eg fekk tak i. Som små jentungar balanserte Berit og tvillingssystera Venke ofte på røyrgata då dei skulle ned til Jørpeland.


Bygdeoriginalen Krokhølsmeden såg ka slags galskap småjentene dreiv med. Han visste sjøl at han såg litt rusjen ut. Derfor tok han ikkje sjansen på å skremma jentene slik at dei datt i elva. Han gjekk til mora til tvillingane og gav beskjed. Som takk for at Krokhølsmeden heldt oppsyn med ungane, gjekk jentene kvar julafta med julemat-presang til smeden.


Litt meir om brua. Aftenbladet skreiv at den kosta mellom 80 000 og 90 000 kroner. Hovedspennet er 24 meter.


Viss du vil ha deg ein biltur på arbeidarane sin dag på mandag, kan du ta deg ein tur å sjå kva arbeidsfolk bala med for 70 år sidan. God helg!


Berit og dei andre Tunglandsungane på veg mot Tunglandsbrua og sentrum for å kjøpa 
melk i april 1955. Ho som ledar flokken er Berit, kona mi. Bildet sto på 
fyrstesida på Aftenbladet 16. april 1955.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar