onsdag 19. april 2023

Matrosen frå Afrika som fall pladask for butikkdama i Sauda

 

Dennis frå Afrika og Astrid frå Sauda gifta
seg i sjømannskyrkja i London.



Matrosen frå Afrika gjekk ein tur i land frå Haugesundsbåten «Sneland 1» mens båten låg og lossa manganmalm ved fabrikken i Sauda i mars 1953. Denne landloven endra livet hans for alltid.


Han fall pladask for den smilande butikkdama på Skorpe kolonial. Astrid Johansen blei ikkje mindre begeistra for 32-årige Dennis Greentree. Dei blei kjærastar, var på dans på Folkets Hus og gjekk turar på byn desse dagane medan «Sneland 1» låg der inne i Ryfylke. Før året var omme, var dei blitt eit ektepar. Dei gifta seg i sjøpmannskyrkja i London 28. november 1953 og heldt saman til døden skilte dei ad i 2012.


Dennis Greentree som skreddar i Sauda.



Bildet av Dennis Greentree dukka opp i ei gammal avis frå 1962. Ein smilande skreddar med eigen butikk i Rådhusgata i Sauda. Her sto det om Dennis sjømann som hadde gått i land i Sauda og møtt kvinna i sitt liv. Dette fanga mi interesse og nå har eg samla på opplysningar om skreddaren.


Men hallo! Skreddar? Dennis Greentree fortel til journalist Oddvar Lavold i Stavanger Aftenblad at han jobba som skreddar i Cape Town i Sør-Afrika. Då krigen kom, fekk arbeidsgivaren problem med å skaffa tøy og måtte seia opp Dennis Greentree. Han var arbeidsledig.


"Sneland 1" av Haugesund kom til Sauda med manganmalm.
 På bildet er det trelast om bord.


Den unge skreddaren gjekk då til det norske konsulatet i Cape Town. Der fekk han hjelp til å skaffa seg nytt arbeid. I oktober 1942  mønstra Dennis Greentree på tankbåten «Nordanger» som messegutt. Han mønstra av i 1943 i Baltimore, USA. Resten av krigen seilte han på dekk som lettmatros. Han var på desse båtane under krigen: MT «Egerø», MT «Peik», MS «Dagrun» og DS «Ole Bull». Denne siste båten mønstra han av i juni 1945.


Dennis Greentree fekk seinare medalje for sin innsats som norsk krigsseilar.


Etter krigen seilte han som matros på DS «Fritjof Nansen», smørar på MS «Thorscape» og så lettmatros på «Sneland 1». Dette var båten som gjekk frå Takoradi til Sauda der det oppsto søt musikk mellom Dennis og Astrid.


Etter at han var blitt gift og busett i Sauda, fortsatte han som sjømann i fleire år til. Han var matros på MS «Kosmos III», DS «Vistafjord» og så til slutt MT «Anna Knudsen»der han mønstra av i april 1955.


Seinare jobba han på fabrikken i Sauda før han etablerte eigen skreddarbutikk. Men han slo seg ikkje til ro i Sauda. I 1964 drog Astrid og Dennis til Canada. Der prøvde han seg igjen som skreddar, men enda som jernbanemann fram til han blei pensjonist.


Etter det eg har forstått, er det ikkje lett å skaffa seg foto og meir opplysningar om sjømannen Dennis Greentree gjennom åpne kilder på nettet. Håpet er derfor at det kan vera nokon som kan ha foto frå eit av skipa der han var om bord og kanskje andre opplysningar om livet om bord. I så tilfelle er eg svært interessert.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar