tirsdag 25. april 2023

Tøffe tider då Andor Andersen lærte bort forskalingskunsten

 

Kursleiar Andor Andersen med elevane sine. Deltakarar frå venstre: Geir Amdal, Torstein Årthun. Andre på bildet: Ivar Svandal, Istvan Farkas. Deltakar-navna er henta får facebook. Vil gjerne
ha innspel. Desse navna sto nemleg ikkje i avisa. Foto: Oddvar Lavold.



Stri jobb å bli spesialist som forskalingssnekker. Kurset startar ved halv åtte-tida på morgonen og er ikkje ferdig før ved åtte-tida på kvelden. Slik kunne kvardagen vera. I alle fall i Sauda vinteren 1962.


Dette var vaksne arbeidskarar som anten var arbeidsledige for vinteren eller hadde teke permisjon frå sitt vanlege arbeid for vera med på kurset. Dette var eit tiltak for å hindra arbeidsløyse.


Eg fann bildet av den smilande instruktøren og elevane hans i bildesamlinga etter tidlegare Aftenblad-journalist, avdøde Oddvar Lavold. Han var ved Aftenblad-kontoret i Sauda frå 1961 til 1963. Ei svær samling med negativ-film fekk me låna av enka Doris Lavold. Terje Bråtveit på Sand har digitalisert samlinga og eg har fått kikka på bilda.


Ingen opplysningar om kor dette bildet var frå, men eg la det ut på diverse facebook-grupper. Masse respons frå "Gamle Sauda"-gruppa. Dei kjende den blide instruktøren, Andor Andersen, sjølvsagt. Og det hagla med navn på kursdeltakarane.


Med Andor-navnet på plass var det berre å søka i Aftenblad-arkivet. Bildet og medfølgande artikkel sto i avisa 22. februar 1962.


13 arbeidskarar hadde forskansa seg i eit tilfluktsrom i Sauda for å læra alle finesser i forskalingsfaget. Dette var eit åtte vekers kurs med deltakararar frå Sauda, Imsland, Vikedal og ein einsleg frå Stavanger.


Dei starta dagen med praktisk arbeid i tilfluktsrommet ved Øgreid-svingen. Her fekk deltakarane læra å konstruera ulike forskalingar og prøva seg på arbeid av det meir innvikla slaget. På kveldstid var det teori i lokala til Sauda yrkesskule i Saudasjøen.


Det blei seine kvelden før dei fekk traska heim. Men dei kunne trøsta seg med fri på laurdagen.


Kursleiar Andor Andersen var ein legendarisk saudabu som hadde sitt eige entreprenørfirma i bygda i mange år. Han var kjend både som ein dyktig arbeidsmann og ein svært omtenksom arbeidsgivar. På det meste hadde han 20 mann i arbeid. Mange som sleit med å tilpassa seg arbeidslivet, fekk jobb hjå han.


Andor Andersen blei ein gammal mann. Han døde i 2021, 102 år gammal.


Heile sitt liv var han ein ihuga Arbeiderparti-mann. Ved kommunevalet i 2015 brukte han røysteretten fyrste dagen ein kunne forhåndsstemma i tilfelle han døde før valgdagen.


Eg laga ein blogg om Andor Andersen for fleire år sidan. Du finn den ved å søka på jonebloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar