søndag 16. april 2023

Tre menn omkom og tre alvorleg skada i Bratlandsdalen

 

Båra med den skadde Udmund Håra på veg frå helikopteret til ambulansen som tok han til
Sauda sjukehus. Mannen med slips og hatt er Einar Eidsvåg. Foto: Oddvar Lavold. 



Tre menn omkom og tre blei alvorleg skada i Bratlandsdalen då ei svær steinblokk fall frå taket i ein halvtunnel over bilen. Det var ni vegarbeidarar på veg ned til Nesflaten etter at arbeidsdagen var ferdig mandag 2. april 1962.


Den fæle ulukka gjorde sterkt inntrykk både i Suldal og resten av Rogaland. Redningsarbeidet starta straks. Fyrst i Brattlandsdalen og så på Nesflaten Seinare på dagen blei det også stor oppstand i Sauda då to små helikopter frå Sola gjekk i skytteltrafikk med tilskadekomne arbeidarar som skulle til behandling på Sauda sjukehus.


Fyrstesida på Aftenbladet 3. april 1962.



Den opprinnelege planen var å frakta dei skadde til sjukehus i Stavanger, men kraftig snøvêr over Suldal førte til at helikoptera måtte gå til Sauda.


Det var ikkje lege tilgjengeleg. Vegen gjennom Brattlandsdalen var stengd og dermed kom ikkje legen i Røldal fram til Nesflaten. Det var to sykepleiersker på plass. Fru Herrem, kona til anleggsleiaren, og Elisa Hårenes, tilsett på sjukehuset i Stavanger, som tilfeldigvis var heime på familiebesøk. Dei to kvinnene starta med førstehjelp etterkvart som dei skadde kom til ungdomsherberget på Nesflaten.


Det store Sikorsky-helikopteret på Sola var til reparasjon og ikkje tilgjengelig. Dermed var det to små helikopter, ført av løytnantane, Herstad og Tjetland, som drog til Nesflaten. Dei var på plass ved 20-tida. Vakthavande stasjonslege på Sola, løytnant Gjerulfsen, var også med til Suldal.


Rogalands Avis 3. april 1962.



Flygarane var alvorleg bekymra for kulden sidan pasientane låg på bårer plassert ute i ein beholdar utan oppvarming på helikopter-flottøren.


I Sauda var det stort oppløp på kaien då helikopteret kom. Mannsterke karar trakka veg i den djupe snøen ut til maskinene som landa på den  nedsnødde parkeringsplassen på kaien. Herifrå blei pasientane kjørte til sjukehuset med ambulanse.


Det fyrste helikopteret kom med Einar Århus frå Nesflaten, Han var så skada at han var død då han kom fram til sjukehuset. Neste helikopter kom med Udmund Håra som var lettare skada og overlevde ulukka.


Håra var frå Røldal, men budde med familien sin på Fløgstad i Sauda på den tida. Dottera Hildegunn var på kaien saman med mora då helikopteret med faren landa. Ho såg faren på båra. Dette gjorde eit sterkt inntrykk.


- Far fekk øydelagt tærne på den eine foten. Han sleit med balansen etterpå. Seinare flytta familien tilbake til Røldal. Då kjørte Udmund Håra buss fram til han måtte slutta på grunn av sjukdom, fortel dottera Hildegunn Sandstå.


"Ulykken har gjort et dypt inntrykk på folk på Nesflaten og i bygdene omkring. I Sauda ble de nærmere enkeltheter om ulykken kjent etter hvert da helikopterne var kommet og folk sto tause eller snakket bare lavt sammen i gatene ut over kvelden", skreiv Aftenbladet sin mann, Oddvar Lavold.


Suldalslensmannen, Rasmus Vasshus, kom fyrst fram til ulukkesstaden seint på kvelden. Han fortalde til Rogalands Avis at ein fullsett drosje frå Nesflaten hadde passert ulukkesstaden kort tid før hendinga.


Dei som omkom i ulukka: G. Nilsen frå Oslo, Einar Aarhus frå Bråtveit i Suldal og John Johnsen frå Røldal. Dei tre skadde var: Hallvard Bråtveit, Suldal, Nils Espeland, Nedstrand og Udmund Håra frå Røldal.


Bildet som viser båra som kjem til Sauda tilhøyrer Doris Lavold, enka etter journalist Oddvar Lavold. Det blei ikkje brukt i Aftenbladet, men blei funne på ein negativ-film som er digitalisert av Terje Bråtveit på Sand nå i år.  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar