onsdag 5. april 2023

På påskaferie med god, gammaldags dampbåt



«Austri» fullasta med påskaturistar på veg til Mollatveit og Sauda. Foto: Johan Lundbø



PLASK, sa det. Der låg den påsketuristen frå Stavanger i sjøen. Han hadde reist i lystig lag innover i Ryfylkefjordane og skulle tilbringa påskaferien i Maldalsheia mellom Sauda og Hylsfjorden. Ikkje var han klar over kor smal og liten kaien var på Mollatveit i Saudafjorden. Han gjekk av landgangen og tok to-tre steg og plask i sjøen. Ryggsekken, ski og stavar og ein dyvåt påskaturist blei fiska opp or sjøen og sett om bord i båten igjen til tørk. Det blei bypåske på den karen.


Mollatveit. Kor er det? Heile Stavanger-fiffen visste det utpå vinteren før i tiå. Denne litla bygda mellom Sand og Sauda var eit populært påskamål frå Stavanger før krigen. Alle hadde høyrt om den plassen. Omtrent som Donsen i Sirdal i dag.


Skituristar på veg om bord i «Austri». Avisgutten ved landgangen har lite salg.



Mollatveit var ikkje mykje omtalt i avisene, men før kvar påske kom den faste annonsa frå Stavangerske på trykk i avisa: - Alle som skal reise fra Stavanger til Sand, Mollatveit, Saudasjøen og Sauda, må løse billetter på forhånd. Her kunne ein ikkje reisa på impuls!


Dei fleste påskagjestene som steig i land på Mollatveit etter mange timars reise frå Stavanger, skulle vidare opp dei lange bakkane til ventande stølar i Maldalsheia. Ikkje kven som helst hadde råd til den slags luksus.


- Overklassen og dei betre stilte drog til Sand og Sauda. For middelklassen var Ulladalen opp frå Jøsenfjorden eller plassar i Høgsfjorden eller Lysefjorden meir naturlege mål, fortalde 81-årige Martin Tønnesen til Aftenbladet i 1993. Han drog til Jøsenfjorden.



God tur! «Austri» på veg mot Ryfylke.




«Austri» var ingen fjordabåt. Til vanleg gjekk den i kystruta mellom Oslo og Bergen. Men når påskatrafikken krevde det tok også kystbåtane turar til Ryfylke søkklasta med feriesugne byfolk.


Dei reisande var ikkje alltid like begeistra for Stavangerske-servicen: - «Kong Olaf» gikk fra Stavanger en kveld med mange påskereisende, og kom til Mollatveit kl. 23.30. Her blev det bare slengt ut en losleider, og det var alt annet enn hyggelig for de damene som skulde i land å klatre i leideren. Det gikk godt, men det må ikke hende en gang til, skreiv ein turist irritert turist i eit lesarbrev publisert i Aftenbladet.


I dag slengjer me oss i bilen og freser til fjells!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar