onsdag 26. april 2023

Rekord-lam på 9,3 kilo

 

Blenda-kartongen tålte ikkje rekordlammet frå Sauda. Foto: Oddvar Lavold.



Oopps! Pappkartongen tålte ikkje det svære lammet. Lamme-eigaren Arne Rød, skulle vega lammet til ære for Aftenbladet sine lesarar. Men dette blei for mykje for emballasje som var laga for vaskepulver.


Journalist Oddvar Lavold rykte ut til Rød i Sauda for å laga reportasje på det store lammet til Arne Rød.


Rett før var det proklamert at det var sett norsk lammerekord i Bjerkreim. Nyfødd lam på ni kilo. Men dalalammet i Sauda var på 9,3 kilo då det blei fødd. Då Aftenbladet kom på besøk i andre halvdel av mai 1962, var vekta fordobla. 18,7 kilo.


Arne Rød med rekordlammet. Foto Oddvar Lavold.



Sjølv om det ikkje blei eit bilde av lammet på vekta, blei det forsikra at truverdige naboar på Rød hadde vore med sist dei vog lammet. Det var ingen tvil om vekta.


Arne Rød var på denne tida handelsmann i Sauda og gardbrukar og sauespesialist i tillegg. Våren 1962 hadde han 23 sauer som lemmde. Dei fekk til saman 45 lam og alle levde opp. Dei var så spreke og fine at det var ein lyst å sjå dei, sto det å lesa på Gard og Grend-sida i avisa.


Den unge Sauda-bonden var ein engasjert sauemann. Eit raskt søk i Aftenblad-arkivet viser at han stakk av med mange premiar på sauesjå i 1960-åra.


Konlusjonen frå journalist Lavold: Det var nesten umulig å melda om rekordar frå resten av verda. I Sauda overgjekk dei det meste. Kom det ei sensasjonsmelding om ein Guarnerius-fiolin i Argentina, var det to – tre slike i Sauda. Var det ein syskenflokk i Nord-Norge som sette norgesrekord i samla alder, var det ingenting i mot rekorden i Sauda.


Som du forstår: Eineståande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar