onsdag 28. april 2021

Småungane som redda onkelen frå å drukna

 

Redningsheltane var fyrstesidestoff i Aftenbladet 18. april 1914.


Onkel Aslak skulle ro Rakel (10) og Johannes (8) til skulen. På vegen skulle han setja ut fiskereiskapen. Då glei Aslak på ein tau og ramla på sjøen. Men ungane greidde etterkvart å få berga den forkomne mannen opp i båten igjen.


Historia om denne redningsdåden på Ombofjorden for over 100 år sidan fann eg i boka «Småbåtar i Rogaland» som Svein Langvik gav ut i fjor.


Aslak Buer skulle ro dei to ungane frå heimen deira på Buer på Ombo til skulen på Tuftene. På vegen skulle ungane hjelpa onkelen med å få ut fiskereiskapen. Då gjekk det ikkje betre enn at Aslak ramla i sjøen. Han gjekk under og då han kom opp igjen var båten eit stykke unna.


Johannes Langvik var kaptein på 
i rutebåten "Erfjord" i mange år.

Symja kunne han ikkje og han gjekk under på nytt. Då han kom opp igjen, hadde ungane rodd båten nærare og Johannes fekk tak i trøya hans. Då var Aslak nesten bevisstlaus. Rakel hjelpte også til. Ho fekk tak i bukseselane fordi ho var redd for at han skulle gli ut av trøya.


Medan ungane kava på, kom Aslak meir til hektene og med felles anstrengelsar kom han seg opp i båten igjen.


Denne redningsdåden som skjedde den 30.mai 1913, fekk Jelsapresten høyra om. Buer høyrde på den tida til den delen av Ombo som låg i Jelsa kommune og dermed sokna dei også til Jelsa prestegjeld.


Presten sende melding om denne hendinga til Carnegies heltefond. Styret der blei så imponert av dei to ungane at dei sende utmerking og belønning til Rakel og Johannes Langvik. Dei fekk 200 kroner kvar. Dette tilsvarar 12.000 kroner i dagens pengar.


Redningsdåden blei etterkvart fyrsteside-stoff i Aftenbladet. Eg viser til teksten som du kan lesa under bildet av barne-heltane. Men siste linja i artikkelen er slik: "Vor medeler sier at Rakel og Johannes er ualminnelig velvoksne, kjække barn".


Onkel Aslak gløymde aldri at ungane hadde redda livet hans. Derfor testamenterte han huset sitt til dei. Dette huset overtok Rakel som blei gift med Lars Nesvik frå Jøsneset. Dei flytta huset til Nesvik. Rakel budde i dette huset til ho døde, 94 år gammal.


Johannes Langvik begynte å arbeida på fjordabåtane til Jøsenfjord Rutelag då han vaks til. Mange hugsar framleis han som kaptein på fjordabåten «Erfjord».


Under krigen var Johannes Langvik styrmann på «Fisterfjord». Denne båten gjekk til Vadla i Jøsenfjorden. Dermed kom folka om bord der i kontakt med motstandsfolk og flyktningar som skulle til Førre innerst i fjorden. Dei skjulte folk om bord og hadde ofte med seg brev og andre sendingar til og frå Førre.


I 1944 aksjonerte tyskarane. Dei arresterte folka i Førre og rulla opp mykje av nettverket rundt dette motstandsreiret. Fleire av mannskapet på «Fisterfjord» blei også arresterte. Styrmann Johannes Langvik, stuert Lars Nesvik og matrosane Jakob Kleppa og Olaf Kyle blei alle arresterte og førte til fangeleiren Grini utanfor Oslo.


«Fisterfjord»-karane blei sitjande på Grini til krigen var slutt.


Krigshistoria har eg henta frå Njål Tjeltveits bok «Krigsåra i Ryfylke».



Johannes Langvik var ein godslig og gild kar som kom svært godt ut av det både med mannskapet om bord og alle dei reisande. Han budde på Tau.


Han døde i 1989, 85 år gammal.


Eg hadde aldri høyrt om redningsdåden til småungane frå Ombo før eg les boka til Svein Langvik. Men det er ikkje så underleg at han kjende til den. Rakel og Johannes var tanten og onkelen hans.

3 kommentarer:

  1. Bare en liten kommentar til slektsforholdet her. Mor til Ragna og Johannes, Mallin Røykjenes, f.11-10-1877, død 26-10-1970, var fra Røykjenes og datter til Magla Serine Bandeberg, f.4-1-1849, død 31-5-1922, som 18-11-1873 ble gift med enkemannen Jon Bårdsen Røgenes, f.1822, død 14-11-1877. Mallin ble "satt bort" da faren døde til Aslak og Magla Buer på brnr.1 av Buer. I 1902 ble hun gift med Henrik Johan Langvik, f.2-2-1876, død 24-7-1955, og i 1909 fikk Henrik Johan Langvik skjøte på Buer brnr.1. Mallin var altså fosterdatter på Buer, og Aslak var dermed en slags "fosterbestefar" til Ragna og Johannes. Kanskje pirk dette, men rett skal være rett ;-) Beste hilsener Jonny Mydland

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser at det står "unknown", men det er altså Jonny Mydland som skriver ;-)

      Slett