fredag 16. april 2021

Med navnet «Kaptein Nesvik» ville det blitt litt historisk sus!

 

Med navnet «Kaptein Nesvik» ville det blitt
historisk sus. Foto: Jon Ingemundsen. 



Ingen har nokon gong vore inne på tanken å kalla ein fjordabåt eller ferja i Ryfylke for «Nesvik». Men nå har det skjedd! Heilt historielaust, spør du meg. Men Norled-sjefane som bestemte dette, traff jo nesten blink.


For «Nesvik» var aldri noko fartøy-navn i Stavangerske, men det har vore tre navngjetne kapteinar i Stavangerske med etternavnet Nesvik: Mandius, Georg og Ordin. «Kaptein Nesvik» hadde jo vore eit feiande flott navn på den nye, elektriske ferja som nå går fram og tilbake over Hjelmelandsfjorden, dag og natt.


Dampbåten «Hjelmeland».

Mandius Nesvik var fødd i 1886 og vaks opp i Nesvik på Jøsneset. Han fekk arbeid i Stavangerske i 1910. Fyrst arbeidde han på pakkhus i byen. Etter ei tid gjekk han om bord fjordabåtane som matros.


Han avanserte til styrmann og seinare kaptein. Då han gjekk i land som pensjonist i 1949, hadde han vore kaptein på dampbåten «Hjelmeland» i 25 år.


Mandius Nesvik bygde seg hytta på heimegarden på Nesvik. I dag ligg hytta rett ved ferjekaien. Den gamle kapteinen fekk eit langt liv. Han døde i 1982.


Georg Nesvik

Georg Nesvik (1911 – 1995) var også ein markant fjordabåt-profil. Far hans kom frå Nesvik, men Georg vaks opp på Sjernarøy. Han gjekk også gradene i DSD. Då fjordabåten «Skudenes» blei sett inn i rute i 1957, blei Georg Nesvik kaptein om bord. Denne båten var spesialbygd for den tøffe ruta over Skudefjorden.


Mange hugsar framleis Georg Nesvik som kaptein på fjordabåten over alle fjordabåtar: «Haugesund». Her var han i mange år.


«Haugesund»


Om kort tid blir blir ei ny ferje med navnet «Hidle» sett inn i Finnøy-sambandet. Fjordabåten som hadde «Hidle»-navnet i 21 år, hadde navnet «Rennesøy» då den var ny i 1958.


Ordin Nesvik (1914 – 1992), også han frå Nesvik, var kaptein på denne fjordabåten i mange år. «Rennesøy» gjekk i ei av dei tøffaste fjordabåt-rutene i Ryfylke. Her var det mykje last av alle slag, mange kaiar, tøffe rutetider og eit uryddig farvatn. Mange kapteinar i DSD betakka seg for å føra båtar i denne ruta.


«Hidle». Foto: Jon Ingemundsen.

Det blir fortalt om ein mann frå fjordane som måtte møta i retten og fekk spørsmålet om han var tidlegare straffa. - Nei, men eg har eit år som matros i Rennesøy-ruta, svara mannen.


Her tjenestegjorde Ordin Nesvik i mange år utan å vera innblanda i uhell av betydning.


Med dette har me vel greid å setja «Nesvik» i ei slags historisk ramme.

God helg! 


1 kommentar:

  1. Mange gode minner om Georg, når han bodde i Tverrveien på Tasta. Førstemann i nabolaget som fikk farge TV. Vi var en gjeng som var faste der på lørdagen til tippekamp, mens hans frue serverte kaffe og kaker.

    SvarSlett