onsdag 21. april 2021

Nesvik-kapteinar i damp og diesel-dur

 

Mandius Nesvik var kaptein på gamle «Hjelmeland» frå 1924 til 1949. Foto: Høiland.



Nesvik-kapteinane er i ferd med å seila rett inn i fjordaskodda og gløymeboka. Nå bles eg litt i tåkeluren slik at dei som måtte vera interesserte kan få eit litt klarare syn på saka. Dei sto stolte på brua på farty drivne av damp og diesel. Men nye tider med ferjer med elektrisitet som drivstoff, fekk dei aldri oppleva.


Kaptein Mandius Nesvik

«Nesvik» blei navnet på den nye ferja som nå er sett inn i ferjesambandet på Hjelmelandsfjorden. Den er i ferd med å bli eit daglegdags syn for reisande mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo. «Nesvik»-navnet har aldri blitt brukt på fjordabåtar eller ferjer i Ryfylke før. Men det har vore fire kapteinar i fjordatrafikken som alle hadde Nesvik som etternavn og var i slekt med kvarandre.



Brønla og Tjerand Nesvik, kan du sjå dei for deg? Dei kom flyttande frå Erfjord til Nesvik i 1893. Dei hadde seks ungar med seg og fekk tre til etter at dei kjøpte gardsbruk på Jøsneset. To av sønnene, Mandius og Johannes, blei kapteinar på rutebåtane til Stavanerske. To andre sønner, Johan og Knut, fekk kvar sin son, Ordin og Georg, som også blei DSD-kapteinar.


For hundre år sidan må det ha vore stas for ein enkel ryfylking å ta steget frå eit mindre gardsbruk på Nesvik til kommandobrua på ein av fjordadamparane til DSD. Ei klassereis ville dei kalla slikt i dag.


Ved å rota rundt i bygdebøker, DSD sine jubileumsbøker og gamle årgangar av Aftenbladet har eg funne litt stoff og bilder som eg skal leggja fram her. Viss det er nokon som skulle komma til å lesa dette og kan ha supplerande stoff så kan dei kontakt meg. Då kan eg leggja det inn i dette eposet der det måtte passa. 


I 1911, som 25-åring, fekk Mandius Nesvik foten innanfor i Stavangerske. Fem år etterpå blei han kaptein på «Øybuen». Seinare førte han «Rogaland» før han enda opp på «Hjelmeland» der han var skipper frå 1924 til han blei pensjonist i 1949.


Eg skriv frimodig av frå Aftenbladet sin 70 års-omtale av Mandius Nesvik:

 "Mandius T. Nesvik hører til den typen av skipsførere som passasjerene høyakter. En føler alltid trygghet med Nesvik på kommandobrua. Han var traust og dyktig, holdt nøye orden og disiplin, og var samtidig en elskverdig og forståelsesfull kar overfor de reisende. Mandius T. Nesvik var en pryd for sin stand og sitt selskap.


Årene bærer han lett, og har bevart sitt gode humør og sitt lyse livssyn. Høytidsdagen tilbringer han på sin eiendom på Nesvik. Han oppholder seg meget der og trives godt i fiskebåten, han hører jo sjøen til.


Mange vil sende de beste ønsker til den ungdommelige 70 åring."


Eg skal garantera at denne omtalen er skreven av svigersonen, Torleif Sandø, som var journalist og seinare redakssjonsjef i Aftenbladet. Det var forresten han som tok meg inn i avisa for mange Herrens år sidan.


Mandius T. Nesvik døde i 1982, 95 år gammal.


Johannes Nesvik var kaptein på «Haukelid» 



Johannes Nesvik var fem år yngre enn Mandius. Han var fødd i 1891 og følgde etter sin eldre bror inn i "selskapet". I 1931 blei han også skipsførar i Stavangerske. Men Johannes blei ikkje nokon gammal mann. Han døde i 1937. Dødsfallet blei omtala i Aftenbladet og her kjem det meir avskrift frå Aftenbladet frå 26. oktober 1937.


Skibsfører Johs. Nesvik på Det Stavangerske Dampskibsselskap «Haukelid» er i natt avgått ved døden etter kort tids sykeleie. Han blev angrepet av blindtarmbetendelse som gikk over i bukhinden og livet stod ikke til å berge. Han blev ikke fullt 46 år gammel. 


Johs. Nesvik var født på Nesvik i Hjelmeland og kom første gang i DSDs tjeneste i 1917 som vikarierende styrmann på fjordebåtene. Året etter blev han ansatt som styrmann på «Hjelmeland», og var der til 1924, da han kom over på «Sand» for det følgende år å forflyttes til «Sandeid».



I 1931 blev han ansatt som vikarierende fører på fjordeskibene, vesentlig «Haukelid», som han var fast fører av siden januar i fjor.



Johs. Nesvik var en stille og rolig mann som vant alles sympati og aktelse. Han etterlater sig hustru, født Hiim og 3 barn.



Dei to Nesvik-brørne var det lett å finna stoff om i Aftenblad-arkivet. Dei to nevøane, Georg og Ordin, sto det ikkje så mykje om i avisa. Dei fylte ikkje året i avisa, kan du seia. Avisa hadde heller ikkje omtalar om dei då dei døydde. Derfor kan eg ikkje gå altfor detaljert til verks. Men eg har jo litt å fortelja om dei også.

Georg Nesvik var kaptein då «Kong Sverre» gjekk sin siste tur i nattruta Stavanger - Bergen.



Lørdag 22. desember 1962 bakka «Kong Sverre» ut fra sin vante plass ved utstikkaren ved Bradbenken og forlet Bergen for siste gong etter å ha helst byen mellom de sju fjell med tre lange støyt i dampfløyta.



Georg Nesvik

Dette skipet var det legendariske nattruteskipet «Stavanger 1» som var bygd i 1914. Vakraste skipet som nokon gong har hatt tre raude ringar i skorsteinen, er det blitt sagt.



- Det e’ meste for gale og, skudå e’ på sett og vis så fine ennå, sa Georg Nesvik som var kaptein på den siste turen. Nesvik var tidligare styrmann på dette skipet og var avløysarkaptein i fleire år.



Georg Nesvik (1910 – 1995) var barnebarnet til Brønla og Tjerand Nesvik. Far hans, Knut Severin var fødd i 1883. Han flytta til Sjernarøy og etablerte seg der.


Då fjordabåten «Skudenes» blei sett inn i rute i 1957, blei Georg Nesvik kaptein om bord. Denne båten var spesialbygd for den tøffe ruta over Skudefjorden.


Etter nokre år gjekk han om bord i «Fjordbris» då den blei sett inn i dagruta mellom Stavanger og Sauda i 1961.

Stavangerske-flaggskipet «Haugesund» kryssa Boknafjorden frå 1947 til 1973.



Men dei fleste som framleis lever og er interessert i den gamle gode fjorabåt-tida, hugsar best Georg Nesvik som kaptein på fjordabåten over alle fjordabåtar: «Haugesund» som gjekk mellom Stavanger og Haugesund mellom 1947 og 1973.


Trur du ikkje det var ein Nesvik-maskinist også. Georg Nesvik hadde ein to år yngre bror, Bjarne, som var på fjordabåtane i mange år.


Ordin Nesvik

Ordin Nesvik (1914 – 1992), også han etterkommar av Brønla og Tjerand Nesvik, var kaptein i Stavangerske i mange år. Ordin Nesvik var sonen til Johan Nesvik som var fødd i 1881. Han var gardbrukar på Fosså på Jøsneset.


Ordin Nesvik var fyrst kaptein på fjordabåten «Bokn». Då den nye fjordabåten «Rennesøy» blei sett inn i Rennesøy-ruta i 1958, blei han kaptein på denne båten.



«Rennesøy» gjekk i ei av dei tøffaste fjordabåt-rutene i Ryfylke. Her var det mykje last av alle slag, mange kaiar, tøffe rutetider og eit uryddig farvatn. Mange kapteinar i DSD betakka seg for å føra båtar i denne ruta.


Det blir fortalt om ein mann frå fjordane som måtte møta i retten og fekk spørsmålet om han var tidlegare straffa. - Nei, men eg har eit år som matros i Rennesøy-ruta, svara mannen.


Her tjenestegjorde Ordin Nesvik i mange år utan å vera innblanda i uhell av betydning.


«Rennesøy» frå 1957 blei til «Hidle» i 1969.



Då den nye «Rennesøy»-ferja blei sett inn i sambandet i 1969, blei den tidlegare «Rennesøy» omdøypt til «Hidle».


I 1970 fekk Ordin Nesvik Norsk Rederiforbunds gullmedalje.


Då set eg punktum. Fire kapteinar og ein maskinist.

1 kommentar:

  1. Interessant. Mener å huske at der på 50-tallet var en stuert på ms Erfjord som het Nesvik - samme slekten?

    SvarSlett