lørdag 1. mai 2021

Astrid og Mikal - reine medalje-grossistane!

 


Ekteparet Astrid Fossaa Viga og Mikal O. Viga driv Mikals Laks.


Lakserøykarane frå Hjelmeland er blitt reine medalje-grossistane. Mikals Laks fekk med seg tre medaljer, to gull og ei sølv, frå norgesmeisterskapet i Sjømat dette året. Sidan 2009 har dei fått i alt 19 medaljer i dette bransje-meisterskapet.


Norgesmeisterkapet i Sjømat blei avvikla av sjømatbransjen saman med NTNU i slutten av april. Over 170 produkt blei bedømt i konkurransen. Fagjuryen melder at det er svært høgt nivå på norsk sjømat spesielt i ein del av klassane. Juryen har vurdert produkta etter utsjånad, lukt, smak og konsistens. Alle produkta er vurdert anonymt, utan emballasje.


- Spesielt gjevt var det å vinna klassen for kaldrøykt laks. Der var det mange deltakarar og skarp konkurranse, seier Mikal O. Viga som driv røykeri-bedrifta på Jøsneset saman med kona Astrid.


Ekstra gjevt å vinna klssen for kaldrøykt laks, meiner Mikal O. Viga.


Det blei også gull i klassen for kaldrøykt aure og sølv for varmrøykt laks. For oss er det viktig å sjå koss produkta våre greier seg samanlikna med dei beste røykeria i landet. Dei er også med i denne konkurransen.


Nå føler me oss rimeleg trygge på kvaliteten på produkta våre, seier Mikal O. Viga som ikkje legg skjul på at det siste året har vore vanskeleg, men det har også vore lyspunkt.


Hotell, restaurantar og catering-bedrifter er svært viktige kunder for Mikals laks. Når desse bedriftene blir sett ut av spel på grunn av pandemien, er dette merkbart for røykeriet i Hjelmeland. Enkelte kunder har redusert innkjøpa med 60 prosent.


Det har vore plussar også: Eksporten har auka med 20-30 prosent og utgjorde omlag 20 prosent av produksjonen i fjor. Salget til matvare-butikkane har auka, nettbutikken har også auka omsetningen og fleire gardsutsalg har meldt seg som kundar.


Desember-salget redda oss. Me har aldri opplevd ein så god julemånad. Fire millionar kroner enda me på. Årsomsetninga ligg opp mot 15 millionar kroner i eit normalår.


Nå gledar me oss til me har lagt denne pandemien bak oss. Det har vore tøft. Tidlegare var me seks personar i arbeid. Nå er me ned i 4,5 årsverk. Eg ser fram til å dra ut å møta kundene våre igjen, seier Mikal O. Viga som er åleine om å vidareforedla fisk i sin del av Ryfylke.


Han undrar seg over at ikkje andre prøver seg med å laga fiskeprodukt. For dei siste åra har det vore mange nye aktørar som driv med vidareforedling av landbruksprodukt som eplemost, eplesider, ost og kjøtprodukt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar