torsdag 15. april 2021

Eg? Ferje-ekspert?

 


På omvisning med Aftenbladet om bord i den nye ferja «Nesvik». Litt i overkant å bli omtalt
som ferjeekspert etterpå. Foto: Jon Ingemundsen.


Hei du! Har du lyst å vera med om bord i den nye Hjelmelandsferja som ligg på Tau i førmiddag?


Kjekk telefon frå min tidlegare Aftenblad-kollega, Tor Inge Jøssang. Kunne ikkje seia nei til eit slikt tilbod i min høge alder. Det er over 10 år sidan eg blei pensjonist. At ein tidlegare kollega hugsa meg og trudde eg kunne tenkja meg å vera med på ei slik hending, var jo ganske smigrande. Eg sa ja på strak arm.


Tredjemann på laget var Aftenblad-fotograf Jon Ingemundsen. Han blei eg svært godt kjent med i mi tid som bladfyk. Me jobba helgevakter saman i Aftenbladet i mange år og har mange spesielle minner frå reportasjeturar både i bil og båt i hytt og ver.


Eg var journalist i Aftenbladet i 34 år. Men eg var aldri nokon gong om bord i ein flettande ny båt som skulle setjast inn i ruta dagen etterpå. Derfor var dette spennande.


Mange meiningar om den nye ferja «Nesvik». Er den fin eller sjelden. Foto: Jon Ingemundsen.



Den nye ferja «Nesvik» låg i ferjestøa på Tau. Utsjånaden på fartyet er jo spesiell. Du hadde kanskje ikkje venta at den nye ferja såg slik ut. Og så var den elektriske i tillegg.


Det skal ikkje stikkast under ein stol at eg har vore litt skeptisk både til elbilar og elferjar. Ein idealistisk kollega av meg var ein av dei fyrste som kjøpte elbil. Han tok med seg kånå på biltur til Bergen. Dei måtte stoppa ørten gonger på vegen for å lada.


Nye «Nesvik» er ikkje avhengig av ladestasjonar for å halda det gåande. Den kan produsera straum med eigne generatorar som går på biodiesel. Dei gjekk frå skipsverftet i Ølen til Ryfylke utan ladestopp og produserte straum på eiga hand. Og inntil vidare vil ferja laga straumen sjøl. Ferjekaiane er ikkje klargjort for lading ennå.


- Me kan gå fram og tilbake på Hjelmelandsfjorden utan problem sjølv om bygdene rundt oss skulle liggja mørklagde og straumlause, sa dei kjekt, dei gilde ungdommane som viste oss rundt om bord.


I 2014 blei den fyrste norsk elferja, «Ampere», sett i drift på Sognefjorden.


- Her om bord skal det ikkje steikast sveler. Straumen skal ikkje sløsast vekk på denslags, blei det sagt den gong.


Blei litt raud i trynet då eg såg dette på
fronten av Aftenbladet,

Om bord i «Nesvik» på Tau på onsdag fekk eg greia på kor landet låg. Sveletakka var på plass omtrent same dagen som den 
«Ampere» begynte å gå i 2014. 


Eg blei litt varm i kjekane då eg blei omtalt som ferje-ekspert i Aftenlbladets nettutgåve på onsdagskvelden. Det er ikkje ei overdriving at eg er ekspert! Det er spinngale!


For 55 år sidan var eg så heldig at eg fekk jobb som ferieavløysar om bord i «Hjelmelandsfjord». Seinare var eg sommar-matros på Tau-ferjene fire somrar og eg hadde ein kort karriere om bord i nattruteskipet «Stavanger». 


Eg blei levande intereressert i ferjer og fjordabåtar etter dette, men jobba aldri seinare i denne bransjen.  Derfor var det jysla kjekt å sjå seg rundt på ferja. Eg skal blogga vidare om den nye ferja i dagane som kjem.


Spennande for gamle menner å få studera nye båtar !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar