onsdag 7. april 2021

Den alltid optimistiske fruktdyrkaren syter ikkje over den kalde våren

 

- Fruktavlingane kan bli flotte i år. Fruktbløminga
kan godt venta til mai, seier Terje Pundsnes på
Hjelmeland. Bildet er fjorgammalt, minst.


Han er i strålande humør og let seg ikkje vippa av pinnen av iskald nordavind, snøbyger og nattefrost. I fjor på denne tida sto plommetrea i full blomst på Hjelmeland. I år er det ikkje ein plommeblom å sjå ennå.


- Blåplomma blømde altfor tidlig i fjor. I år kan det bli mai før det blømer. Det kan vera like bra, seier 73-årige Terje Pundsnes på Hjelmeland. Den tidligare kommunegartneren meiner at det er altfor tidleg å seia noko om koss det går med frukthausten.

Tidleg fruktbløming på Hjelmeland i 2019.



- Får me fint sommarver i mai med opptil 25 grader, kjem plomma på same tid som i andre år, seier Terje Pundsnes.


Epleblomen kjem seinare. Dermed er den heller ikkje utsett for kaldt og utstabilt vårvêr på same måten som plomma. Eple-avlingane er derfor meir stabile enn plomma som i tillegg er meir utsett for sjukdom.



Moreller er også ein viktig fruktsort. I dag står det meste av morelltrea i tunnellar dekka med plast. Det er også planar om slike plasttunellar for plomma, men her gjenstår det ein del utviklingsarbeid ennå, seier Terje Pundsnes som er ein like ivrig fruktdyrkar i dag som han var i sin ungdom.


I fjor hausta han mellom 30 og 40 tonn med eple og litt plomma. Tidlegare hadde han moreller også, men morellene har han slutta med. For dei som ikkje veit det er Hjelmeland den største frukt-kommunen i Ryfylke. Aller mest frukttre er det på Helgøy.


Men koss sommaren blir er det ingen som veit ennå. Terje Pundsnes lever i alle fall i håpet om sol, varme og ein flott frukthaust.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar