torsdag 1. april 2021

Då Wyller-hytta blei flytta til fjells

 

Wyller-familien si hytte på Stakstøl slik den ser ut i dag. (Foto:Christian Fredrik Wyller)


På sine eldre dagar orka ikkje stadsfysikus Wyller å streva seg opp den stupbratte Vormelandsbrekkå for å komma seg til hytta si ved Djupadalsvatnet. Han hadde reist lange og omstendelege turar med rutebåtane i Ryfylke for å komma til hytta. Då oppdaga han Skiftun på Jøsneset. Her bygde Thomas Christian Fredrik Wyller sommarhus i 1918.


Bygningsmennene, Henrik Mæland og Nils Tytland i arbeid på hytta i 1921.


Hytta ved Djupadalsvatnet blei ståande folketom og ubrukt i lange tider og forfallet sette inn.


Gamle Wyller var i ferd med å bli gammal og redd for pengane. Nye vegar blei bygde og hytta låg nå på ein avsides plass. Og neste generasjon hadde andre tankar i håvet. Slik var det i den tida også.


Trygve Wyller var nå ung og ny-etablert sakførar i Stavanger i 1916. Han hadde tapt sitt hjerta til heiane austanfor Fundingsland. Ideen om ei hytta på Stakstøl dukka opp.


Byggjeplassen på Stakstøl


Tidene hadde vore gode i desse krigsåra, men han kunne ikkje flotta seg altfor mykje. Sidan hytta ved Djupadalsvatnet sto ubrukt, spurte unge 'Wyller faren om han kunne bruka materiala frå den gamle hytta til ei ny på Stakstøl.


- Planen blev fremlagt for far i 1919 og han gav mig frie hender. Men dermed var kun det første av mange nødige og modige skrit tatt, skriv Trygve Wyller.


Nå skulle det planleggjast. Det som var brukande av den gamle hytta, skulle transporterast til Stakstøl. Så skulle det skaffast meir material og så skulle den nye hytta byggjast.


- Dette arbeidet krevde habile mænd, skriv Wyller.


Pause for byningsmennene. Nils Tytland og Henrik Mæland.


Sakføraren frå byen tok kontakt med Nils Tytland og Henrik Mæland frå Vormedalen og avtalte eit møte med dei to i den gamle hytta ved Djupadalsvatnet seinhaustes 1919.


- Selv overnattet jeg i huset. Nils og Henrik skulde komme næste morgen. Jeg mindes godt den nat i fars hytte. Det var noksaa ufyselig.Taget var flere steder flerret av saa man kunde se ret opp i himmelen. En rekke vinduer var knuste. Alle senger var som følge deraf ubrugelige, hugsar Trygve Wyller.


Møtet med dei to vormedalsbuane blei også nedslåande. Kalkylen som dei presenterte, var ikkje akseptabel. Han hadde rett og slett ikkje råd til å betala så mykje. Han måtte tenkja på saka.


Utpå vinteren drog Trygve Wyller til Fundingsland. Der møtte han Gunnar og Thomas Fundingsland som tok på seg jobben med å riva hytta og kjøra materialane til Stakstøl. Avtalen var at arbeidet skulle gjerast før våren kom.


Men arbeidet stoppa opp. Dei to mennene frå Fundingsland var ikkje kommen i gang med arbeidet sommaren 1920. Nå tok Wyller på ny kontakt med Nils Tytland og Henrik Mæland som han hadde fått god tru på. Han skildrar dei som harde og dugelige fjellfolk. Dei tok fatt på arbeidet med bestemt hånd. Avtalen var at dei skulle overta kjøringa og tømmerarbeidet på daglønn. Innredninga skulle byggherren sjølv ta seg av.


Den neste vinteren blei byggjemateriala kjørt frå Djupadalsvatnet til Stakstøl. Grunnmuren var laga hausten før. Sommaren 1921 sette Nils Tytland og Henrik Mæland opp hytta på Stakstøl. Dei hadde gjort eit "meget samvittighetsfuldt arbeide", meinte hytte-eigaren.


Til sommaren er det 100 år sidan Stakstøl-hytta blei sett opp. Den står godt ennå. Wyller-familien har brukt hytta i alle år. Sonen til Trygve Wyller, Karl, overtok hytta etter faren. Tredje generasjon, Christian Fredrik Wyller, overtok seinare. Nå er det Trygve Wyllers oldebarn, Anders, som eig hytta i Fundingslandsheia.


Alfred Hauge laga dette intervjuet med 98 år gamle Nils Tytland i 
Aftenbladet 7. juli 1956.



Dei to bygningsmennene frå Vormedalen, Nils Tytland og Henrik Mæland, var ikkje berre harde og dugelege fjellfolk, slik Trygve Wyller skriv. Dei viste seg også å vera svært seigliva. Nils Tytland døde i 1957. Då var han 99 år gammal. Henrik Mæland blei 106 år. Han døde i 1972.


Nekrolog i Aftenbladet 10. oktober 1972.


(Som kjelde for desse bloggane om Wyller-familien og hyttene deira ved Djupadalsvatnet og på Stakstøl har eg brukt ei innleiing som Trygve Wyller skreiv i hytteboka for Heiabu som hytta på Stakstøl blei kalla. Det gjekk nokre år før han fekk setja seg ned og skriva i hytteboka. 25. mars 1929 skreiv han dette. Eg har fått låna dette av barnebarnet Christian Fredrik Wyller.)

4 kommentarer:

  1. Kjekt å lesa, hytta ligg nydeleg til

    SvarSlett
  2. Utrolig alt arbeidet som ligger bak disse kjekke og fine hyttene. Det var nok ikke noe latmannsliv for noen av hytte eierne

    SvarSlett
  3. så kjekt å se oldefar Henrik som ganske ung... må vær någe med lufta i vormedal siden de bler så gamle- Hans Mæland 105 og nabo te oldefar.

    SvarSlett