søndag 4. april 2021

Den uheldige påskaturisten som gjekk rett på sjøen på Mollatveit

 

«Haugesund» hentar påsketuristar på Mollatveit. Båten er på veg frå Sauda til Stavanger. Bildet er  truleg tatt andre påskedag i 1948. Foto: Brynjulf Molla.



PLASK, sa det. Der låg den lystige påsketuristen frå Stavanger i sjøen. Han hadde reist i festlig lag innover i Ryfylkefjordane og skulle tilbringa påskaferien i Maldalsheia mellom Sauda og Hylsfjorden. Ikkje var han klar over kor smal og liten kaien var på Mollatveit i Saudafjorden. Han gjekk av landgangen og tok to-tre steg og der låg han i sjøen. Ryggsekken, ski og stavar og ein dyvåt påskaturist blei fiska opp or sjøen og sett om bord i båten igjen til tørk. Det blei bypåske på den karen, 

Molla ligg på austsida
av Saudafjorden mellom 
Sand og Sauda.

Omtrent slik er historien. Andre fortel at det datt omtrent ein turist i sjøen kvar påske og etter det som andre igjen har høyrt, havna dei fleste påskaturistane som landa på Mollatveit i sjøen. Viss du vil fortelja historien vidare, er det heilt opp til deg sjølv å bestemma omfanget av koss mange nesten-drukningar det var på Mollatveit i påskahelgene opp gjennom åra.

For Stavanger-fiffen var Mollatveit eit kjent navn i si tid. Dei visste slik omtrent kor det var og hadde kanskje vore om bord i ein rutebåt som var innom der ein gong då dei var på veg til eller frå påskeferie i Sauda-heiane. Du kan seia at på 1940- og 1950-talet var Mollatveit like kjent for byfolk som Donsen i Sirdal er det i dag.


I god tid før påske rykte Stavangerske inn store annonser i Aftenbladet der dei forkynte at forhåndssalget av billettar til ekstraturane til Sand, Mollaveit, Saudasjøen og Sauda nå var i gang. Og båtane var søkklasta med turistar då dei gjekk frå byen onsdag før påske. Påskeferiane var kortare i den tida.


Avisene tok påskeutfarten på det største alvor. Dei skreiv om alle som reiste til dei ulike heiatraktene i Ryfylke og dei dekka like nøye heimturen på andre påskedag.



Brynjulf Molla frå Sauda, far til Geir Molla, hadde hytta der ute i Saudafjorden. Han fotograferte då dei store båtane kom innom både påske og andre gonger.


«Fjorddrott » ein sommardag. Kaihuset står stadig på same plassen. Foto: Brynjulf Molla. 


Mange kjenner Geir Molla som var møbelhandlar i Sauda i mange år. Nå har han pensjonert seg og leigd ut butikken, men bur stadig i andre høgda på huset midt i Sauda sentrum.

Molla senior fotograferte både «Haugesund», «Fjorddrott» og «Fjordsol» ved kaien på Mollatveit. Etter å ha kikka på bildene er eg heilt sikker på at dei er tekne på 1940-talet. «Fjordsol»-bildet kan vera av nyare dato, men eg tvilar på det.


Eg tippar at bildet av «Haugesund» er teke andre påskedag i 1948. Du ser at skorsteinen på båten er svart. Den blei seinare malt gul. Det skjedde etter at nybygde «Fjordsol» og systerskipet «Fjordbris» kom med gulmalte skorsteinar i 1948. Dette likte sjefane i selskapet så godt at dei bestemte at alle fjordabåtane skulle ha gule skorsteinar.


Aftenbladet skreiv før påske i 1948 at «Haugesund» på andre påskedag skulle gå frå¨Sauda klokka 10 på andre påskedag. Då skulle den innom Saudasjøen og så Mollatveit før den gjekk rett til byen. Du ser turistane ventar på båten og slik sola står er det tidleg på dagen.



«Fjordsol» på veg til kai. Som bildet viser er kaien smal på Mollatveit. Ikkje rart at framandfolk kunne gå på sjøen. Foto: Brynjulf Molla.


Det går jo også klart fram av bilda at det ikkje berre var påske at fjordabåtane mellom Stavanger og Sauda var innom på Mollatveit. «Fjorddrott» er jo innom ein sommardag med sin svarte skorstein. Den store bjørka er jo full av lauv. Då «Fjorddrott» var ny i 1939, var skroget gulmalt. Eg skal ikkje påstå at den er gul her, men i så tilfelle er dette bildet eldre enn frå 1948.


Folka som står og ventar på «Fjordsol», er heller ikkje påsketuristar. Kva dei er ute på, har eg ikkje opplysningar om. Kan det vera folk på veg til eller frå gravferd eller ei anna større hending?


Arnvid Lillehammer som er busett i Stavanger og har hytte på Mollatveit, fortel at på 1970-talet hende det at westamaranen gjekk innom med han og familien viss dei hadde god tid på veg inn til Sauda. Dette blei slutt då vegen var ferdig til Molla, Maldal og Vanvik.


Den vesle grenda Mollatveit fekk offentleg kai i 1937. Då vedtok fylkestinget å gi tilskot til ein 15 meter lang betongkai som skulle kosta 17.000 kroner. Sauda kommune fremja søknaden og ytte tilskot.Men også folk i grenda medverka til at det kom kai.  ( Siste avsnitt er henta frå Njål Tjeltveit si bok: «Bygda sitt hjarta»)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar