fredag 2. oktober 2020

Sven er busseigar, bonde og brann-mann


Sven Gil Westersjø kjører bussen med skuleelevane til Hjelmeland om morgonen og syklar
heim igjen. Då sparer han 900 kroner i ferjebillettar.


Då ein overhendig storm reiste av garde med heile minkagarden til Sven Gil Westersjø i januar 2008, måtte han laga seg ein ny plan for framtida. Han hadde flytta til garden Foss på Jøsneset i 2004 saman kona Ingeborg. Dei er begge utdanna sivilagronomar og Sven hadde jobb i  Norges Pelsdyralslag. Nå var planen å halda fram i konsulentstillinga og etablera sin eigen minkafarm på garden.

- Eg kunne ikkje berre gi opp og reisa frå denne flotte bygda. Nå bestemte eg meg for å etablera min eigen arbeidsplass. Det blei sauer i staden for mink. I dag har me 170 vinterfora sauer på garden, seier 55-åringen som etterkvart har utvikla ein svært mangfoldig arbeidsplass for seg sjøl. Til og med sitt eige buss-selskap.

Kvar dag fraktar han dei 15 skule-elevane frå Jøsneset med ein stor, kvit 50 seters buss til skulen på Hjelmeland. Han er hyra inn av Statens Vegvesen for å frakta skuleelevane trygt forbi ferjekaiane på Nesvik og Hjelmeland der det pågår eit omfattande anleggsarbeid akkurat nå.

Med ein 17 seters-buss starta sauebonden oppdraget med å frakta skuleelevane frå Jøsneset og Ombo trygt fram til skulen på Hjelmeland, Men då corona-pandemien meldte seg i vinter, ville ikkje Hjelmeland kommune godta at elevane blei frakta i ein så trang buss. Det gjekk ikkje meir enn ei veke før det kom ein 50-seters buss til Jøsneset. 

Kjekt å komma ut og møta folk, seier busseigar
Sven Gil Westersjø.

Ein ting er å investera i ein svær buss, men ein må passa på dei daglege utgiftene når ein driv eigen business. Når skuleelevane er levert på Hjelmeland, blir bussen parkert i nærleiken av skulen. Busseiegaren plukkar fram sykkelen sin frå bagasjerommet og syklar heim til Jøseneset. Det kostar 450 kroner for bussen på ferja. Her er det pengar å spara på å trimma.

Når anleggsarbeidet er ferdig på kaiane på Nesvik og Hjelmeland, er busseigaren utan faste oppdrag for bilparken sin: Åtte-setaren, 17- setaren og den svære bussen med plass til 50 passasjerar.

- Ingen grunn til å mista nattesøvnen av den grunn. Sjølv om eg ikkje heilt ser for meg koss dette vil løysa seg, er eg optimist. Eg er ute på turkjøring rett som det er. Alt frå pilgrimar til bryllupsgjester har eg kjørt. Til neste sommar har kommunen planar om å skyssa turistar med turbil til Hagalid, Kleivaland og Nes for å unngå parkeringskaos. Slike oppdrag kan mellom anna bli aktuelle for meg, seier Sven Gil Westersjø som likar  å komma seg ut å møta folk. Det ville bli stusseleg å gå åleina heime på garden med sauene heile dagane.


Firmalogo frå Jøsneset.

Medan han var i militæret tok han førarkort for buss og lastebil. Dette kom vel med på Jøsneset. Han starta som helgevikar i Suldal billag. Seinar har han kjørt for Tide som nå har all rutebusskjøring nord for Jøsenfjorden. Ei tid hadde han også eit oppdrag med å kjøra skuleelevar frå Jøsneset til Hjelmeland. Dessutan kjører han av og til semitrailer for Vartdal plast med fiskekassar frå fabrikken på Viganeset til slakteriet på Hundsnes i Hjelmeland.

Som om ikkje alt dette er nok.  Sven Gil Westersjø er også tilsett som brannmann i det kommunale brannvesent i ein 1,2 prosents stilling. Dessutan har han sidan 2014 hatt ansvaret for å brøyta dei kommunale vegane på Jøsneset.

- Eg fryktar ikkje lediggang. Som mangesyslar dukkar det stadig opp nye sjansar, seier 55-åringen.

Kona Ingeborg er tilsett i fast jobb i Hjelmeland kommune. Dei har tre døtre: Kristiane (18) går på jordbruksskule. Norunn (13) og Anbjørg (11) går på skulen på Hjelmeland og er med i faren sin buss kvar dag. 

Heile bilparken til Jøsneset Transport. Smashing Jøseneset står det bak.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar