Då «Tau» blei for liten i Tau-ruta, blei ferja flytta til Midtsambandet frå 1974. Seinare blei ferja omdøypt til «Ombo» i 1976. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum. |
«Tau» var blitt for liten i det hektiske Tau-sambandet. Den hadde frakta all slags frekkasar og ein mengde bilar mellom Strandalandet og Stavanger i meir enn ti år. Frå den var ny, flott og stor i 1961 og fram til den nye fjordaferja «Stavanger» blei flaggskipet på Hidlefjorden mellom Tau og Stavanger sommaren 1973.
«Ombo» i farten. Bildet er henta
frå boka «Ferje-Rogaland».
Kor
skulle «Tau» nå gjera av seg? Den blei sendt langt inn i fjordane.
Til Sand for å vera Ropeid-ferja fram til den nye ferja «Sand»
blei ferdig og kunne setjast inn i ruta i august 1973.
«Tau» fekk ny jobb. Den blei flytta til Midtsambandet der det blei bygd ferjekaiar på øyane ettkvart som det blei avgjort kor kaiane skulle plasserast. På Sjernarøyane var meiningane delte og ordskiftet opphissa. Fyrst i 1974 blei det avgjort at ferjekaien skulle liggja på Nesheim. Same sommaren blei ferjekaien på Fogn teken i bruk. Då måtte «Finnøy» få hjelp for å ta unna trafikken. Midtsambandet gjekk nå frå Stavanger til Talgje, Fogn, Judaberg, Ombo og Nedstrand. «Tau» gjekk to daglege rundturar i denne ruta. Talgje fekk nå fire daglege ferjeanløp i kvar retning.
I si tidlegare rute var det ei travel rute med mykje freidige strandbuar i salongane både tidleg og seint. Nå blei det stort sett ein fredelegare stemning om bord. Ikkje så mange reisande, men på bildekket var det ein travel kvardag når ein skulle plassera kjøretya i rett rekkefylgje slik at ein kunne kjøra dei i land på rett kai.
Etter to år i den nye ruta skifta «Tau» navn til «Ombo».
Her er den tidlegare «Ombo» fotografert som vrak i
Afrika.
Dei
som var så heldige å få jobb om bord i denne ferja, lika seg så
godt at dei ikkje ville slutta, blir det fortalt. Men utviklinga
gjekk sin gang. Den gamle fjordaferja var i ferd med å bli
gammaldags.
Etter travle år i fjordane, blei «Ombo» turistferje på Lysefjorden nokre somrar, før den blei seldt til utlandet og sett inn i trafikk i Vest-Afrika i 1992. Ferja enda sine dagar som vrak på grunt vatn i Ekvatorial-Guinea.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar