torsdag 29. oktober 2020

«Hjelmeland» dampa ut av soga i 1958

 

I 48 år dampa «Hjelmeland» rundt i Ryfylke. Her er den på veg til kai i Stavanger. 
 Foto: Marthon A. Høiland. Bildet henta frå den nye boka om Stavanger-fotografen.


Då den 48 år gamle «Hjelmeland» blei utrangert i 1958, var dampatida slutt for dei reisande både til Finnøy og Sjernarøyane. Folk var heilt sikkert glad for å bli kvitt dei gamle travarane. Nå var det nybygde, moderne båtar som overtok på heile rutenettet til Stavangerske.


Dei siste åra gjekk«Hjelmeland» mykje på Steinnesvåg, Sjernarøyane og Vatlandsvåg. Men frå 1. desember var det slutt. Då forsvann både «Hjelmeland» og kollega «Øybuen».


«Hjelmeland» ved Idsekaien.  Foto: Aftenbladet.
 

Nybygde «Hjelmeland» blei levert frå Stavanger Støberi og Dok hausten 1910 og var det den fyrste nybygde fjordabåten Stavangerske fekk på 32 år. På prøveturen heldt «Hjelmeland» ein fart på 10,5 knop. Helmik Eriksen var den fyrste kapteinen på den nye båten.


Den nye dampen blei sett inn i Skjoldaruta fyrste vinteren. I den tida starta fjordabåtane frå Stavanger tidleg på morgonen og gjekk ei lang og omstendeleg rute innover i Ryfylke før dei returnerte til byen i kveldinga. Dermed var folk frå fjordane nøydde for å ha ei overnatting i byen. Seinare gjekk båtane innante om morgonen med retur same kveld.


Klasseskiljet var det også på Stavangerske-båtane på denne tida. Dei kondisjonerte sat på plysjen akterut på fyrste klasse. Folk flest reiste på andre klasse.


«Hjelmeland» gjekk i dei fleste rutene i Ryfylke. På Sandeid og Åmsosen, om Hjelmeland og Fisterøyane, Årdal og Sauda.


 «Hjelmeland» si fredagsrute
sommaren 1958.
I 1950-åra gjekk «Hjelmeland» på Sjernarøyane – Steinnesvåg og Rennesøy. Men den var også innom i Skjoldaruta.



I januar 1959 selde Stavangerske «Hjelmeland» til Brødrene Anda for opphogging. Dette arbeidet blei utført same året og «Hjelmeland» blei sletta frå skipsregisteret.


Sommaren 1959 kom den flunkande nye fjordabåten «Sjernarøy» til Finnøy og Sjernarøyane. Den overtok det meste av kaiane der den gamle dampen hadde gått.


(Kjelde: Magnus Torgersen: Fjordabådane)


Nybygde «Sjernarøy» overtok i 1959 mange av kaiane
 der«Hjelmeland» hadde gått. Foto: Stavanger
sjøfartsmuseum.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar