torsdag 22. oktober 2020

Fest og forventningar då «Finnøy» kom!

 

Stor stas då «Finnøy» kom til Nedstrand for fyrste gong 7. mai 1971. Foto: Haugesund Dagblad.

Musikkorps, husmorskule-elevar frå Rygjabø i full mundur og ein mengde bygdefolk var møtt fram då den splitter nye ferja «Finnøy» var på presentasjonstur til Finnøy og Nedstrand 7. mai 1971. Nå var Midtsambandet ein realitet.


I åra som kom, skulle det byggjast nye ferjekaiar i tur og orden på dei andre øyane på ruta mellom Nedstrand og Stavanger.


«Finnøy» passa godt inn i ferjestøa på Judaberg. I Stavanger var ikkje det permanente ferjeleiet klart. Derfor skulle den nye ferja gå frå Ryfylkekaien fram til den nye ferjestøa på Fiskepiren var klar til bruk 1. juni, sto det i Aftenbladet.


Den nye ferja likna mykje på ferja «Rennesøy», men hadde tett baug med tanke på kryssinga av den til tider vêrharde Nedstrandsfjorden og hadde dessutan meir motorkraft.


Lokalavisa «Øyposten» var om bord på presentasjonsturen og fekk med seg navna på mannskapet om bord: Kaptein Jon Christiansen, andreførar Arnt Søllesvik, styrmenn Jan Gitlesen og Per Stangeland, maskinsjef Hjalmar Gundersen, maskinist Erik Nordtveit, matrosar Fredrik Løvvik, Einar Haugvaldstad, Gustav Dale og Svein Nordtveit. I restaurasjonen: Sverre Liabø og Tora Hansen. Dei to siste var gamle kjenningar frå «Fjorddrott», skreiv «Øyposten».  Mannskapet var fordelt på to skift som gjekk to dagar på og to dagar fri.  



Dei andre øyane i Finnøy kommune blei knytta til Midtsambandet etterkvart som ferjekaiane var klare til å takast i bruk. I september 1972 blei Talgje neste øy som blei lagt inn i ruta. Den gamle rutebåtkaien i Gardsvågen var dermed ikkje i bruk lenger.


Ferjekaien var flytta til andre sida av øya for å liggja i leia for ferja. I Aftenbladet var det bilde av den nye ferjekaien, men det er ikkje laga reportasje frå det fyrste ferjeanløpet. Så kor festleg dette må ha vore, har eg ikkje greidd å finna ut.


Kommunetoppar frå Finnøy og bygdefolk var på plass då «Finnøy» kom 
til Ombo for fyrste gong 25. april 1973.

Onsdag 25. april 1973 var det stor stas på Ombo. Då kom «Finnøy» til den nye ferjekaien på Eidssund. Mange ombuar var møtt opp for å helsa ferja og den nye tida velkommen og dei kommunale toppane frå Finnøy var med på ferja frå Judaberg og kasta glans over hendinga.v


Bygdefolket på Ombo kunne nå gleda seg over at sambandet til omverda blei mykje betre. Dermed var det håp om at avfolkinga kunne stansa. Men dette slo vel ikkje heilt til.


I juni 1974 blei Fogn knytta til Midtsambandet. Då var ferjetrafikken blitt så stor at det var kommen ei ferje til inn i denne ferjeruta.


Halsnøy fekk sin ferjekai i 1976 og Nesheim i 1977. Den siste kaien på Nord – Hidle blei teken i bruk i 1980.

«Finnøy» tålte godt litt sjø. Her har den kurs for Kvitsøy.


«Finnøy» blei etterkvart for liten for Midtsambandet. I 1992 blei den teken ut av denne ruta, ombygd og flytta over itl Kvitsøy-ruta. Seinare blei den omdøypt til «Kvitsøy». I 2003 blei ferja seldt til HSD og skifta då navn til «Austrheim».


Den tidlegare «Finnøy» blei seldt til Afrika i 2012. I august i 2019 forliste ferja, nå med navnet «Cameroon», i Guineabukta. Over 100 menneske omkom ved forliset.


1 kommentar:

  1. Huske god denne ferje på våre mange turer til hyttå på Nedstrand.

    SvarSlett