tirsdag 27. oktober 2020

Full fart med bilar, folk og kinesiske turistar

 


«Eidssund» var ferje-navnet frå 1982 til 1991.
Foto: Digitalt museum.


«Strand» blei denne ferja døypt som ny i 1966. I 1982 blei navnet «Eidssund». I 1991 skifta ferja eigar og nå blei navnet «Fugløysund». I 1998 var det tid for neste navneskifte: «Forsand». Viss det ikkje har skjedd noko dei siste to åra, heiter ferja nå «Showtime» og ligg i vinteropplag på Askøy ved Bergen. Det siste navnet fekk den gamle Tau-ferja i 2009.


«Strand» gjekk som ei kula i 1966.
Eige foto.

Kapasiteten i Tau-sambandet blei fordobla då den nybygde
«Strand» blei sett inn i denne ruta sommaren 1966. Biltrafikken hadde eksplodert etter at personbilsalget blei sluppe fritt i 1960. Før dette hadde det vore rasjonering på privatbilar her i landet. Dermed greidde ikkje «Tau» å ta unna trafikken og det kom ei ny ferja som likna mykje på den gamle.


Men det var ein viktig skilnad. «Strand» hadde 1500 spreke Wichmann-hestar, 250 fleire enn den gamle, under dekk og gjekk som ei kula. Den kom til Tau, slapp bilane på land og fylte bildekket med nye bilar og var klar for å gå igjen fem minutt før ruta.


Folk var jo begeistra for den nye, raske ferja, men det var ikkje sjefane i Stavangerske. Diesel-forbruket var for høgt. Farten blei senka slik at dei to ferjene gjekk like fort. Men dette medførte at maskinane gjekk på eit turtal som førte til vibrasjonar i den nye ferja. Folk merka dette godt og tykte den nye ferja var ubehageleg å reisa med.


Hausten 1969, i ein kraftig hauststorm, fekk «Strand» slått inn baugportane og dei store dørene framme på bildekket. Dette var ei skakande oppleving for dei reisande, men det gjekk heldigvis godt. Andre større uhell har ikkje denne ferja vore innblanda i, så vidt eg veit.


«Ombo» og «Eidssund» i opplag på Klasaskjæret. Foto: Svein Torske.

I andre halvdel av 1970-talet kom det nye pendelferjer i Tau-sambandet. Den nye «Tau» kom i vinteren 1977. Då var «Strand» ferdig i Tau-ruta. Nå blei den plassert i Rennesøy-ruta ei tid og deretter i Midtsambandet der den blei gåande i årevis saman med sin tidlegare kollega i Tau-sambandet som nå hadde fått navnet «Ombo». I 1982 skifta «Strand» navn til «Eidssund».


Frå 1980 hadde Midtsambandet fylgjande kaiar: Stavanger, Talgje, Fogn, Judaberg, Halsnøy, Eidssund, Nord-Hidle, Nesheim, Nedstrand. Ferjekaien på Helgøy kom ikkje før i 1989.


På slutten av 1980-talet var dei gamle Tau-ferjene i ferd med å bli umoderne. Også i Midtsambandet var det tid for pendelferjer.


Det skjedde også andre endringar. Det gamle tradisjonsrike Stavangerske som hadde drive lokaltrafikk i Ryfylke sidan 1855, hadde fått modernitetsnykker. Lokaltrafikken blei utskilt i eit dotterselskap som fekk navnet Rogaland Trafikkselskap. For å markera at det var eit nytt selskap med nytt navn som dreiv ferjene, blei den eine skorsteinsringen fjerrna. Nå var det berre to ringar igjen.


I 1991 blei «Eidssund» overteken av Stavanger-rederiet AS Party som dreiv med blåturar og tilbringartjeneste til oljeplattformene som var under bygging i Gandsfjorden. Redar Jostein Hevrøy kalla ferja for «Fugløysund» som var navnet på eit sund i Austevoll der Hevrøy var oppvaksen. Dette sundet skal ha vore ein svært god fiskeplass.

Frå Aftenbladet 1991.

Redaren hadde uflaks i starten. Han hadde inngått kontrakt med Kværner om å frakta arbeidsfolka som skulle gjera ferdig ståldekket til Sleipner-plattforma i Gandsfjorden. Men betongplattforma gjekk til bånns i Gandsfjorden og dermed hang kontrakten i ein tynn tråd. Men det ordna seg. Ståldekket blei plassert på Marøysteinen og ferdigstilt der og «Fugløysund» gjekk inn i transporten av mannskap dit.

Ferja blei også brukt til blåturar og som restaurantbåt. Derfor blei bildekket heilt innebygd og det blei sett inn store vinduer på styrbord side.


«Fugløysund» blei også utleigd til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og brukt i turistruta Flåm – Gudvangen.


Stavangerske var ikkje ferdig med gamle «Strand». I 1998 blei ferja overteken av Fjordservice AS, eit dotterselskap av Stavangerske. Nytt navn: «Forsand». 


I 2004 blei den nesten 40 år gamle ferja stasa opp i Stavangerske sine gamle fargar og fekk dei tre raude ringane på plass på skorsteinen igjen. Den låg så vakker i Børevigå då Stavangerske runda 150 år i 2005.

Som «Forsand» i 2005. Foto: Aftenbladet.


Gamle «Strand» blei også med inn i nyskapninga Tide Sjø i 2007.


Men i 2009 kvitta det store ferjerederiet seg med den gamle ferja. Nå overtok blåtur-rederiet Showboat på Askøy og nytt navn ble «Showtime». Seinare har denne ferja frakta turistar innerst i Sogn den eine sommaren etter den andre. Smekkfull av kinesarar har den gått trufast mellom Flåm og Gudvangen. Koss det gjekk nå i sommar, veit eg ikkje. 

«Showtime» fullasta med kinesarar i Flåm. Eige foto.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar