tirsdag 20. oktober 2020

«Foldereid» var fyrste Finnøy-ferja



«Foldereid» var fyrste Finnøy-ferja. Den var bygd i 1959. Foto: Ulstein.

 

12. oktober 1970 blei Finnøy og Judaberg med i riksvegferje-alderen. Då begynte leigeferja «Foldereid» å gå i ruta Finnøy – Stavanger. Ferja gjekk tre turar dagleg frå mandag til fredag og låg roleg i helgene.


Denne ferja kom frå Trøndelag. Den var bygd i 1959 og var blitt arbeidsledig då det kom bru over Foldereidstraumen i Namdalen i 1969. Ferja tilhøyrde Namdal Dampskipsselskap, sto det å lesa i Aftenbladet i august 1970.


«Foldereid» var sertifisert for 145 passasjerar og kunne ta mellom 16 og 20 bilar. Marsjfarten var rundt 10 knop.

Annonse i Aftenbladet oktober 1970.


Det var Vegdirektoratet som hadde funne ut at «Foldereid» kunne vera ei passande ferje for Finnøy-sambandet medan ein venta på den nye ferja som var ventande på våren i 1970. Innan den tid skulle ein også ha ei permanent ferjestø klar på Judaberg.


Stavangerske var ikkje spesielt begeistra for «Foldereid». Direktør Erling Ånensen sa til Aftenbladet at rederiet heller ville hatt HSD si ferje «Folgefonn» som midlertidig Finnøy-ferje.


Leigeferja starta klokka sju om morgonen frå Judaberg og brukte ein time og 20 minutt til Stavanger. Den tålte ikkje allverda med grov sjø, blir det fortalt.




Annonse i Aftenbladet oktober 1970.

Slik eg forstår det var det berre lastebilar som fekk komma om bord i «Foldereid». Personbilar var henvist til å bruka «Fjorddrott», «Fjordsol», «Fjordbris». Desse båtene nytta Ryfylke Meieri sin kai i anleggstida. Berre lettare last kunne sendast til Judaberg. Større kolli var henvist til Reilstad-kaien.


Dei rimelege riksvegferje-takstane fekk ein berre bruka på «Foldereid». For dei andre båtane brukte ein stadig lokalrute-regulativet.


Eg har søkt i Aftenblad-arkivet for å finna stoff om «Foldereid», men det er ikkje all verda å sjå. Det er ingen som har engasjert og skrive lesarbrev i avisa om ferja. Viss det er nokon som har stoff og bilde av «Foldereid» medan den var Finnøy-ferje, ville eg gjerne ha kontakt.


Denne ferja returnerte til Trøndelag i mai.


Då var det duka for nye tider og nå kan ein begynna å snakka om Midtsambandet. Laurdag 8. mai var fyrste dagen den splitter nye ferja «Finnøy» gjekk i rute mellom Stavanger, Finnøy og Nedstrand.


Men det må bli ein annan blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar