mandag 1. juli 2019

På langfart med Leo

Sjøsterke Leo på veg frå Tau til Sand. 


Med ein stor hund i ein liten båt gjekk turen over det ville Hidlehavet mellom Tau og Finnøy. Det var på nippet til at sjøen gjekk kvit av og til. Slik var det, men lånehunden Leo såg ikkje til å bry seg om kor båten gjekk.

Overgangen frå ein stor båt på 34 fot til ein liten på 27, er ikkje enkel. Betre er det ikkje når du i tillegg har fått ein svær hund om bord. Du må trø lett. Før du veit ordet av det, har du trødd på dyret. Eg følte meg litt som denne kelneren som hoppar rundt og av og til snoflar i isbjørnskinnet når han skal servera grevinna på TV på litle julafta.

Trur du ikkje hunden slikka meg på tærne då eg skulle lista meg forbi den og ut på toalettet ei mørk natt. Eg fekk sjokk, som ventande var. Då eg kraup til køys etterpå, stakk Leo håvet inn til meg. Han kunne tenkja seg å låna dyna mi. Men då fekk vauen klar melding. Her er det adgang forbudt for dyr.


Godt å kvila middag i gjestehavna på Nedstrand. 


Båtlivet 2019 har ikkje tatt heilt av ennå. For vår del har det blitt ein middagskvil på Nedstrand og tre overnattingar rundt om kring i fjordane. På Jørpeland, Tau og Sand har me sove i båten.

På Jørpeland har dei innvia heilt ny gjestehavn i år. Veldig flott. Viss du er ute etter ei fredeleg havn tett opp til butikkar og serveringsstader, er Ryfylkebyen heilt i toppskiktet. Til og med pol har dei fått her.

Forresten er det mange fine ankerplasser ved holmane rett utfor sjølve havna på Jørpeland. Fantastisk her på fine kveldar.


God plass til fleire båtturistar i gjestehavna på Tau. 


På Tau er det også ei fin gjestehavn. Men for å vera heilt ærleg. Dei heng ikkje heilt med i utviklinga. Viss ein ærleg stakkar vil betala havneavgift her, må du ha kontantar. På Tau veit dei om vaps, men Vipps er ukjent, Me måtte slita oss heilt opp på Rema 1000 for å handla litt slik at vi kunne leggja 150 kroner i konvolutten og betala for oss. Då me sto opp og kom ut neste morgon, låg det ein konvolutt med blankett for havneavgift i båten. Ganske dumt! Me hadde jo betalt!!! Rett før eg blei sure.


Kort veg til meste i båthavna på Sand. Men polet ligg i Sauda.


Taurarane burde ta seg ein tur til Sand. Der er det ein heilt annan stil. Der får du betalt med Vipps og det er alltid folk frå båtforeninga på plass og kan hjelpa deg viss du lurer på eit eller anna. På Sand finst alt du treng på turen aldri meir enn eit steinkast unna. Apotek, kolonialbutikk, bakeri, klesbutikkar, men ikkje pol! Då må du til Sauda.


På Sand veit dei forskjell på Vipps og vaps.


Men koss går det med båtlivet i Ryfylke? Feriebåtane er blitt større og større i dei snart 40 åra eg har vore på rek i fjordane. Talet på båtturistar trur eg ikkje har auka. Tvertimot. Tidlegare var det barnefamiliar som var ute i båtane. Nå er det eldre folk som dominerer. Gjennomsnittsalderen har gått opp på folka i båtane.


Båtane er blitt større, men  er det blitt fleire båtturistar?  Trangt om plassen i Rossøysundet i pinsa i år.


Dessutan har mange båtfolk kvitta seg med farkosten og kjøpt bubil. Ved mange gjestehavner er det også laga oppstillingsplasser for bubilar. Mange av bil-gjestene er utanlandske, men det er vel på grunn av at dei norske bubilturistane satsar på meir eksostiske reisemål enn Jørpeland, Tau og Sand, trur eg.


Eg blir båtmann. Bubilar er dårlege å fiska med!



2 kommentarer:

  1. Båtlivet vårt fekk ein knekk då me i dårleg ver og maskintrøbbel kom frå Kjærringøn til Lysekil og kona fekk sjå eit italiensk ektepar som sat i ein varm bobil og drakk kaffi. Fekk orden på maskineriet, men kona mønstra av for godt på Koster. Seinare har vi leigd bobil tre somrar. Finast var turen til Lofoten.

    SvarSlett
  2. Svein Hauge
    Ja, Ryfylkefjordane er fine for båtfolk. Sommaren 1968 gjekk eg på sakte fart i ei veke og besøkte Vindafjorden, gjennom Skjoldastraumen til Skjoldafjorden, Førdesfjorden til Tysver, Stjernarøyane og runda Ombo tilbake til Jøsneset. Det var før gjestehavnenes tid. Kokte kjelen på bål i fjæra, sov i lyng på land eller på hardt underlag saman med reilstadmotoren om bord. Kanskje det gjekk 10 l bensin og sommaren var vakker.

    SvarSlett