onsdag 24. juli 2019

Malvin Viga er død



Malvin Viga


Malvin Viga frå Hjelmeland er død, 88 år gammal. Dødsbudskapet kjem ikkje uventa på dei som kjende han. I fjor begynte helsa å svikta og det siste halvåret har han vore på sjukeheimen i Årdal.

Malvin Viga var sonen til den kjende notbasen, Mikal Viga eller Litle-Mikal som dei sa på Hjelmeland for å halda generasjonane frå kvarandre. Det var far til Malvin som i si tid gjorde eit av dei største sildafangstane i norgeshistoria. Over 100 000 hektoliter sild tok notlaget frå Hjelmeland ved Kalvåg i Sogn og Fjordane i februar 1950. Det gjekk gjetord om dette varpet. Silda hadde ein fyrstehandsverdi på over ein million kroner. Det var ikkje nettopp småpengar på den tida.

19-årige Malvin var med på dette eventyret. Ikkje rart at både han og den eldre broren, Odd, blei fiskarar lik faren og bestefaren.

Med fiskeskøyta «Margit», oppkalla etter mora til Malvin, deltok Vigarane i alle sesongfiskeria langs norskekysten. Storsild, vårsild og brisling, det gjekk meir eller mindre i ett gjennom åra. 

«Viga» på brislingfiske i Høgsfjorden. Bas Malvin Viga står i baugen på lettbåten. Foto: Aftenbladet.



Viga-karane var både høgrøysta og grove i målet. Det var heilt nødvendig når dei skulle kommunisera seg i mellom på fiskefeltet medan Rubbestad-motorane dunka, fiskereiskapen rausa ut i sjøen og vinden bles. Når fisket sto på, kunne det høyrast tøft ut, men når fangsten var gjorde og alt sikra, var det godslege karar som pusta på og tok vare på kvarandre.
 Viga-karane ville ikkje gi opp. Dei dreiv vidare og jakta på dei fiskeslaga som det var råd å finna. Dei dreiv med sildfiska både i Nordsjøen og på norskekysten. Seinare var dei til og med på juksafiske på Finnmarka.



Fiskeskøyta «Margit» blei i 1957 skifta ut med nybygde «Viga» på 70 fot. Nå sto både faren og dei to brørne som eigarar.

 Men på 1960-talet slo sildefisket totalt feil. Det enda med at storsilda blei freda. I åra som kom var det mange fiskeskøyter som blei kondemnert og senka på djupt vatn.


Odd og Malvin Viga slutta av fisket i 1972 og selde «Viga». Nå prøvde brørne seg med litt av kvart. Malvin dreiv fiske i fjordane med eigen sjark og var industri-arbeidar ein periode. Men det blei aure-oppdrettet på Hundsnes som viste seg å ha framtida for seg. Oppdrettslaks var neste prosjekt med broren Odd og søskenbarnet Mikal N. Viga som kompanjongar. Dette utvikla seg til det som etterkvart blei Ryfisk. Utan Malvin Viga og dei andre Vigarane er det tvilsamt at Hjelmeland ville blitt så stor og viktig i oppdrettsnæringa i Rogaland.
Då Malvin Viga blei pensjonist, selde han seg ut av oppdrettsverksemda og fekk mange fine år som pensjonist. Han var stadig like oppteken av fisk og fisking og heile naturen rundt seg. Villender og svaner samla seg alltid ved brygga til Malvin både morgon og kveld. Det gjekk med tonnevis med gamle brød til fuglane som han aldri drøymde om å jakta på. Ein dyravenn av dei sjeldne.
Via eit videokamera montert i ein fuglekasse på husveggen kunne han på fjernsynet i stova si fylgja sin faste leigebuar, spettmeisen, leggja egg og ruga ut ungar og fora dei opp til skikkelege fuglar.
Malvin Viga var interessert og engasjert i det som skjedde både heime og borte. Du traff han i Hjelmelandsvågen både morgon og kveld og han sette stor pris på besøk på Hundsnes. Ein kopp kaffi var det minste du slapp unna med viss du var innanfor døra.  
Via telefon hadde han kontakt med mange gamle fiskar-kolleger og visste kor det var fisk å få.
Sjølv ringte eg til Malvin av og til for å snakka om likt og ulikt. Han var reine leksikonet når det gjaldt gamle fiskebåtar, motorar, stadnavn på kysten og så vidare. Det blei mange kjekke telefonsamtal gjennom åra.
- Takk for at du ringte, sa han alltid før han la på.
Malvin, takk for at eg blei kjend med deg.

Jone Laugaland





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar