torsdag 11. juli 2019

Huldra kom dansande ut av fossesusen!

Huldra kom dansande ut av fossen. Å hildrande du!



Med langt lyst hår og lang raud kjole dansa huldra ved fossefallet. Ho kom som bestilt, kan du seia. Her hadde me reist halve Sør-Norge rundt utan å sjå ei budeia i bunad. Men så løyste alt seg. På Flåmsbana på veg frå Myrdal ned til Flåm sto det plutseleg ei ekte hulder og dansa ved eit svært fossefall. Alle turistane var vilt begeistra. Eg og forresten.

Ikkje kom å påstå at dette berre er kunstige turistgreier for at alle kineserane skal ha noko å visa fram når dei tømer mobilane sine for feriebilde når dei kjem heim til Kina igjen. Alle me som reiser med Flåmabana vil gjerne tru at huldra er ein del av den rotekte norske naturen.

To amerikansk-kinesiske damer som me traff i går kveld i Aurland, blei så begeistra då dei fekk sjå huldrebildet mitt, at dei bestemte seg for å ta Flåmsbana før dei kjørte vidare mot Bergen. Mine evner som huldrefotograf var større enn eg var klar over, tydelegvis.

Du ser ikkje huldra før du tek Flåmsbana.


Folk som kom i nærkontakt med dei underjordiske, blei aldri seg sjølv igjen. Det var ofte folk som var sjukelege og uklåre. Dessutan var jo dette skapningar som opererte i mørket og tålte lite dagslys og sol. Huldra som me fekk sjå i går, var ute i sola og me kom heller ikkje i nokon nærkontakt med henne. Kor vidt ho hadde hale, fekk eg heller ikkje sett.

Rett nok var eg litt trøtt i går etter å ha reist med tog frå klokka 10 om morgonen. Tog frå Skien til Drammen, buss for tog til Hønefoss. Herifrå gjekk Bergensbanen gjennom Hallingdal til Myrdal. Så eg var kanskje litt trøtt og omtåka då eg såg denne huldra. For kånå såg ingenting. Ho sat på plassen sin inne i vogna og strikka.

Mykje skogutsikt i Hallingdal. Her må motorsaga fram!

Mange seier at Hallingdal er så vakker og togreisa gjennom dalen er så flott. Men det er jo altfor mykje skog som stengjer for utsynet. Er det ikkje nokon som kan utstyrast med motorsag og øks slik at det går an å få sjå meir av stabbur, raude løer og gardshus som har klort seg fast i dei bratte dalsidene.

Alltid grunn til å passa seg. Også for sportsfiskarar i
Aurland.
Turen enda på ei heilt spesielt hotell oppe i Aurlandsdalen med 10 rom og 20 gjester. Kånå og eg var dei einaste norske mellom gjestene. Her var det amerikanarar, australiarar og diverse europearar.

Dei sat med store auer og gapande munn då me fortalte at mange nordmenn reiser til utlandet i ferien. - Reiser dei vekk frå dette vakre landet i ferien, spurte dei.

På 1980-talet var det veldig populært blant rogalendingar å reisa på busstur til Rüdesheim i Rhindalen. Ein jørpelandsbu fekk sjokk då han kom i snakk med tyske turistar på den lokale campingplassen. - Tenk dei bur i Rüdesheim og så kjem dei her på ferie, fortalte han til alle som ville høyra på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar