tirsdag 9. juli 2019

Stammens hyl på Telemarkskanalen



Lillian Gundersen er kombinert restaurant-sjef og lettmatros om
bord i «Henrik Ibsen».

Har du møtt ein kombinert restaurantsjef og lettmatros i di tid? Kanskje ikkje. Då må du ta deg ein tur med «Henrik Ibsen» på Telemarkskanalen. Der jobbar Lillian Gundersen som er frå Stavanger, men har budd dei siste åtte åra i Skien.

Når du høyrer uforfalska rogalandsdialekt langt oppi Telemark, må du reagera. Her kan det vera noko å skriva om. Og det var det jo.

Her ligg «Henrik Ibsen» klar til avgang frå Dalen i Telemark.


Den smilande 43-åringen har nå to somrars fartstid på kanalbåten som går mellom Skien og Dalen kvar dag. Ein dag opp og den neste ned. Sesongen varer frå 19 mai til 15 september.

- Men kva jobbar du med resten av året?
«Henrik Ibsen» møter kollegabåten «Victoria». Passasjerane
vinkar med flagg dei har fått av lettmatrosen.

- Då er eg kokk for eit cateringfirma i Skien, fortel Lillian som søkte jobb om bord i kanalbåten i fjor vår. Ho likar seg svært godt, men har også lyst på jobb i Nordsjøen viss det blir ein sjanse.



«Henrik Ibsen» hadde totalt 128 passasjerer om bord i dag på den ni timar lange turen. Folk steig på og av på vegen. Mellom Lunde og Ulefoss var det 98 passasjerar. Ein mindre enn båten har lov å ha om bord. 
Strålande førnøyde kåna på kanaltur.

Me som er på landet rundt-ekspedisjon var sjølvsagt med på heile strekninga og tykte det var ein flott tur. For eg som er interessert i gamle rutebåtar og kanalar var det mykje å studera. Og kånå kunne ikkje skrøyta nok over forslaget om denne reisa som ho hadde trua meg med på. 

Einaste feilen me gjorde i går var at me godt kunne hatt litt fleire lag med klesplagg på lur. Det var litt kaldt på dekk i starten. Etterpå blei det finare og finare med littegrann regn utpå ettermiddagen. Dagen går fort når ein skal glana, fotografera, eta og drikka.
Isvatn får kanalvaktarane på varme dagar.

Mannskapet på kanalbåten passar også på at dei unge slusevoktarane har det bra. Eg la merke til at ungdommane som sørga for å åpna og lukka slusedørene slik at båten kom seg gjennom, gjekk rundt med store Pepsi-beger i hendene. Dette la eg fram for den kombinerte Stavanger-dama.

- Det er så varmt for dei når sola skin. Derfor får dei Pepsi-beger med isvatn av oss. Når det er kaldt, er vatnet utskifta med varm sjokolade, opplyste Lillian. 

Standarden var imponerande om bord på «Henrik Ibsen». Fin restaurant, reine og fine toalett, og det virka som om alt var godt ettersett.

Dette er ingen ny båt. Den blei bygd i Gøteborg i 1907 og fekk då navnet «Styrsø». Under dette navnet gjekk båten i mange år på den svenske vestkysten. I 1992 kom båten til Norge og Telemarkskanalen. Nå fekk den navnet «Henrik Ibsen».

Den er blitt pussa opp fleire gonger etter at den blei norsk og på meg virka den tipp-topp for denne trafikken. I den tidlegare svenske dampbåten står det i dag ein dansk Alpha dieselmotor frå 1952.

Presia klokka halv ni gjekk «Henrik Ibsen» frå Dalen og var i Skien i rute klokka 17.30.

Alle passasjerane fekk klem av Lillian ved landgangen då dei gjekk i land. Om ho då var restaurantsjef eller lettmatros, kom eg ikkje på å spørja om.

I morgon går turen vidare med tog. Etter planen skal den enda i Flåm i Sogn og Fjordane. Viss Vy vil.

Alle passasjerane fekk klem av Lillan Gundersen ved landgangen då «Henrik Ibsen» var framme i Skien.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar