søndag 14. juli 2019

Full fart til Bergen med «Vingtor» den fjerde

Skjerjehamn er ein tradisjonsrik stoppeplass for Sognebåtane.  I dag er dette
ein møteplass for båtfolk og turistar. Turistane på «Vingtor» fotograferte ivrig
her.

«Vingtor» tok oss frå Aurland til Bergen. Herleg å vera om bord i ein hurtigbåt etter å ha reist lenge og vel med tog, buss og taxi dagen før frå Skien til aller lengst inn i Sognefjorden.

Hurtigbåten brukte fem timar frå Aurland til den var framme ved Strandkaien i Bergen. Det var rimeleg fullt med turistar om bord i «Vingtor» då den gjekk frå Flåm, men det var ikke problem å få seg brukbar plass om bord då den kom til Aurland. Her fekk eg tak i både straum til datamaskinen og internett. Dermed kunne eg laga huldreblogg i 33 knops fart utover Norges lengste fjord.


«Vingtor» går i ruta mellom Bergen og Flåm innerst i Sognefjorden. Her på veg til kai i Aurland.


«Vingtor»-navnet gir ikkje oss gamlingar Sogne-assosiasjonar. Me tenkjer på hydrofoil, flaggrute og på reiseruta Stavanger, Haugesund, Bergen. Men det herskande anbudsregimet gir dei løgnaste resultat. Nå går «Vingtor» til Sogn - og Flaggruta - den er nedlagt.

 Dermed finn du «Vingtor» den fjerde der båtar med navnet «Kommandøren» regjerte.


Med hydrofoilbåten «Vingtor» starta det norske hurtigbåt-eventyret i 1960. Foto: Stavanger Maritime Museum.


Det store hurtigbåt-eventyret starta då hydrofoilbåten «Vingtor» gjekk sin fyrste tur mellom Stavanger og Bergen onsdag 15. juni 1960. Dette var den fyrste norske, rutegåande hurtigbåten og interessa var storarta. Heile landet var med.

Det var dei to nattrute-rederia, Stavangerske og Sandnæs Damp som hadde kjøpt båten og fått konsesjon til å driva denne rutetrafikken mellom Stavanger, Kopervik, Haugesund og Bergen.


Fra Rogalands Avis i 1960.


Navnet blei til etter at det var utlyst navnekonkurranse. Vinnaren var bergenseren Ivar Jan Hansen og navnet blei jo ein suksess.

«Vingtor» blei bygd i Italia av eit verft på Sicilia som var spesialistar på hydrofoilbåtar. Året etter, 1961, kom systerskipet «Sleipner» som blei sett inn i same ruta. Same året kom også Ryfylke-hydrofoilen «Ekspressen» som snudde opp ned på alle begrep om reisetider med fjordabåtane.

Hydrofoilane var raske. Dei hadde ein rutefart på 36 knop når alt klaffa. Det har knapt nok vore så raske rutebåtar i trafikk på kysten etterpå. Men hydrofoilane var ikkje så veldig driftsikre. Mykje tull med dei. - Hydrofeilen, sa vittige tunger. Dei hadde heller ikkje lov til å  gå om vinteren eller i mørket. Det gjekk fleire år før det blei heilårsdrift. Hydrofoilbåtane sto på land på Klasaskjæret i Stavanger om vinteren.

Den fyrste «Vingtor» gjekk i same ruta fram til 1974 då Flaggruta blei etablert. Dette var eit samarbeidsselskap der også rederiet HSD fekk vera med. Hydrofoilen «Vingtor» mista navnet sitt og blei seldt til Kypros.


Westamaranen «Vingtor» var ingen suksess. Dei franske
dieselmotorane laga mykje støy og røyk, men altfor liten
fart. Foto: Johannes Østvold.



Nå starta westamaran-epoken. «Vingtor» den andre blei sett i drift i februar 1974. Det blei etterkvart tre westamaranar i Flaggruta. «Sleipner» kom ein månad seinare og «Draupner» i april 1977.

Desse westamaranane var ingen suksess. Dei franske diesel-motorane skulle gi båtane ein rutefart på 32,5 knop, men dei greidde aldri meir enn 28 knop på sine beste dagar.  Maskinane laga derimot mykje brak og røyk. Dei var også ein god del ute av drift. 

«Vingtor» den andre gjekk i Flaggruta fram til 1988. I 1990 blei den seldt til eit fransk rederi og sett inn rute på Middelhavet til og frå flyplassen i Nice.


«Vingtor» den tredje ved Hurtigbåtterminalen i Stavanger.


Den tredje «Vingtor» hadde navnet «Pattaya Express» då den kom frå Thailand til Bergen i 1996 for å bli sett inn i Flaggruta der HSD nå var eine-eigar. Båten var bygd ved Kværner Fjellstrand, Omastrand, i 1990. Den gjekk i Flaggruta fram til 2010. Då blei den seldt til Hellas. 

Båten som me reiste med frå Aurland til Bergen, «Vingtor» den fjerde, er bygd ved Oma Baatbyggeri på Leirvik på Stord i 2012 saman med systerskipa «Njord» og «Frøya» .Dei går i hurtigbåtrutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Båtane kosta 60 millionar kroner pr stk då dei blei levert. Dei har ein marsjfart på 33 knop og har plass til
290 passasjerar.

Turen til Bergen var behageleg. Turistane fekk god informasjon på turen på både engelsk og norsk. Dessutan var det godt med dekksplass ute for turistane som skulle glana og fotografera.


Hunden i Alverstraumen er ein gammal kjenning for alle sjøfarande mellom
Sogn og Bergen. 

Då «Vingtor» kom sørover i Straumane mot Bergen havna båten i kjølvatnet frå ein kollega «Tyrving». Også eit kjent navn for rutebåt-interesserte. Den hadde navnet «Strandafjord» då den var ny i 2000. Den gjekk i Ryfylke under dette navnet då rederiet Torghatten hadde eit hurtigbåt-anbud her. Då Torghatten var ferdig med anbudet, selde dei båten til Norled som skifta navn til «Tyrving». Nå går den mellom Sogn og Bergen Så veit du det.

Strandkaien i Bergen ligg midt i turistvrimmelen i Bergen. Her var det berre til å brøyta seg fram over Fisketorget, forbi Sakken med kurs mot Tyskebryggen og vel så det. 

Det kjem meir om denne turen vår: "Southern Norway in a Nutshell" i løpet av kort tid. Hald ut!






2 kommentarer:

  1. Ein liten korreksjon av hvem som har bygt båten. Navnet på bedriften på Stord er Oma Baatbyggeri AS. Omastrand er et sted i Strandebarm kommune. Der finnes også en båtbygger og det er Fjellstrand.

    SvarSlett