søndag 30. juni 2019

Livet med lånehunden Leo


Leo lengta vel litt etter eigarane sine. Sjølv om han
blei påpassa etter beste evne. 


I morgon skal me gå på biblioteket og levera Leo tilbake. Det var kjekt med hund så lenge det varte, men utlånstida var snart slutt og me vil unngå purrebrev og denslags.

- Låna hund på biblioteket? Går det an?

I dag går alt an. For nokre år sidan drog me til Nord-Norge på båttur. På øya Myken på Helgelandskysten traff me ein mann som hadde lånt telt på biblioteket. Det var nytt for oss då, men i dag. Ingenting forbausar oss lenger.

- Ikkje skriv slikt tull, seier ho som eg har med meg. Det er ei bok du skal levera på biblioteket. Hunden skal tilbake til familien vår på Byhaugen

OK. Slik er det. Først får du ungar. Dei har du til låns, blir det sagt. Så får du barnebarn. Dei får du også låna av og til. Til slutt endar du opp med å låna kjæledyret til barnebarna som ferierar langt sør for folkaskikken i 50 varmegrader. Der kunne dei ikkje ha med hunden sin. Då var det godt å ha gamle besteforeldre på lur for Leo.

For oss gamle var det uvant å dra på ein hund. Sjølv om me i yngre dagar hadde ein Golden Retriver med navnet Singha. Den kom frå Foreningen for omplassering av dyr til oss i byen. Dette var ein damehund. Ikkje så svær og kraftig som denne tre år gamle hannhunden som er nesten like sterk som kånå og meg til saman. Den drog meg opp mange bakkar, men det var ein kamp å ha den med på turen når den ville snu og gå heim igjen.

Uvant med hund i huset igjen etter mange års pause, men det gjekk godt.

Unghunden heiter Leo. Det betyr løva på latin. Den gamle hunden vår hadde fått navnet Singha av sin tidlegare eigar. Dette betyr også løva, men på det framande språket sanskrit. Dette løve-navnet finn du også igjen i ølet Singha beer og byen Singapore også. Bare så du vett det!

Ein golden retriver-hund gjer det lett å få nye kjenningar. Jenter i alle aldrar er svake for slike hundar. Dei vil klappa dyret. Og hannhunden likar godt å bli klappa. Hadde halen vore vindmølla, ville det blitt mange kilowatt av logringa.

Leo har vore snill. Heilt stille om natta. Tålmodig ventande på lufteturen når me har stått opp. Ikkje grining eller bjeffing. Han har vore bortimot lydlaus. Eit enkelt voff var alt når han var lei av å vera åleine på terrassen og ville inn. Men då har me jo også henta vauen på minuttet.

Frå og med mandag er Leo ferdig med det døsige hyttelivet på Hjelmeland. Nå skal han heim til ungar og vaksne i sin beste alder. Då blir det hopp og sprett og tjo og hei igjen for han.

Men me hadde det løye med Leo-lånet, me gamle også. Drog på båttur og greier. Eg arbeider nå med ein blogg om turen. Den har fått tittelen: På langtur med Leo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar