onsdag 17. juli 2019

Aftenblad-lesarane i opprør over pengesløseri!

Mange Aftenblad-lesarar blei opprørt over at me kunne bruka
7562 kroner på ein ferietur til Danmark i1981.


At ein småbarnsfamilie kunne greia å bruka opp 7562 kroner på ein vekelang campingtur i Danmark, fekk Aftenblad-lesarane til å rasa sommaren 1981. Det strøymde inn på lesarbrev og sinte telefonar. Det måtte vera måte på!

Våren 1981 blei eg spurt om eg kunne tenka meg å ta med familien min på telttur til Danmark på Aftenbladet si rekning for så å bretta ut campinglivet vårt i nyskapinga Sommertorget som blei ein fast del av sommaravisa i mange år etterpå. Sjølvsagt sa eg ja til dette tilbudet. Som ein enkel landsens gutt frå Hjelmeland hadde eg aldri vore i utlandet før. 

Turen med regn og sol og besøk i Legoland og ditt og datt blei skildra i ein to veker lang serie i avisa. Det mangla ikkje på positiv repons, men huttetu då pengeforbruket vårt kom på trykk. Heldigvis var det Aftenbladet som tok det meste av rekninga vår, men ligavel.

Trygt tilbake i Hjelmelandsvågen igjen. Bedehuset til venstre bak bussen.
Fjellet Hjelmen til høgre. Det har gjeve staden navnet. 
Klok av skade vil eg ikkje bretta ut pengeforbruket på vår private, fem dagars rundreise i Sør-Norge. Viss me hadde tatt med totalforbruket vårt, er eg sikker på at det hadde meldt seg folk som kunne kjøpt seg bobil og reist på sommarferie til Nord-Norge for same beløpet. Eg er for gammal til å provosera folk. Forresten har me betalt alt sjølv. 

Reisa vår med hurtigbåtar, bussar, jernbane, ein taxi pluss fire overnattingar kom oss på 15 061 kroner. Med unntak av båten på Telemarkskanalen fekk me honnør-billett på alle dei andre kommunikasjonsmidlene. Den dyraste overnattinga hadde me i Aurland. Der rauk det 3600 kroner. Der var alle dobbeltrom opptekne. Men me kunne få kvar sitt enkeltrom. Tenk det du! Etter å ha vore gifte i snart 50 år, låg me på kvar sitt hotellrom og sendte god natt-sms til kvarandre.

Turen blei opplevelsesrik, men det var travelt. Og me drog på altfor tunge ryggsekker. Meiningslaust å ta med regnklede på ein tur som omtrent heile tida føregjekk under tak. Dessutan drog eg på datamaskinen min.

I tillegg kom det ei tjukk bok som reiselektyre. Sidan eg skulle på rundttur i Ny-Norge, hadde eg med meg ein biografi om Ivar Aasen, nynorskens far. Boka som er skriven av Ottar Grepstad, var mykje meir underhaldande enn eg hadde trudd.


Reisemåtane var enklare då Ivar Aasen reiste rundt i landet for å kartleggja talemåtet i vårt vidstrakte land.

Han blei rodd over vatn og nedover elvar. Berre ein gong heldt det på å gå gale. I mai 1845 var han på tur på Ringerike og gledde seg til å kome over Tyrifjorden, for der kunne han få seg ein båttur. Det blei alt anna enn behageleg . Dei to som skulle ro han over Tyrifjorden, hadde med seg turproviant, ei flaske brennevin.

Aasen hadde ikkje noko mot nista, står det vidare.

Turen starta greit, men Tyrifjorden er vid, og midtfjords var eine rokaren blitt snydens. Båten gjekk i alle retningar og heldt på å velta.

Men det gjekk godt med Ivar Aasen også.

Då eg kom tilbake til Hjelmeland, måtte eg slå plenen. Men det er ei heilt anna historie. 

Takk for turen!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar